I år er det UKM i Hareid.
Martin Giskegjerde/Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkesfestivalen varer i tre tettpakka dagar der det også blir mykje tid til sosiale aktivitetar. Ungdomens fylkesarrangørar i UKM (UFA) er ansvarleg for sosiale aktivitetar som speedfriending, bli-kjent-leikar, og fest for ungdommane på UKM søndag kveld. På UKM-festen vil DJ Ursula (Magnus Nordbekk) ta turen. Det vert ei ekte feiring av mangfaldet UKM har å by på.
– Fylkesfestivalen er ein fantastisk kulturarena der kreativiteten har fritt spelerom og fellesskap står i sentrum, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Teltcamp er tilbake!
Innandørs teltcamp har vore ein stor suksess på fylkesfestivalen sidan 2022 for dei påmeldte ungdomane. Her har ungdomane tatt med eigne telt, for å kunne sove tørt og godt innandørs på festivalen. Etter fjorårets fylkesfestival med overnatting på sovesal, gav ungdomane uttrykk for at dei sakna teltcamp, og derfor er det gledeleg at årets festival kan be ungdomane leite fram teltutstyret. Vi er heldige som får nytte heile Hadarhallen, som er ein fotballhall med kunstgras. Her er det stor og god plass til alle dei 210 ungdomane som er påmeldt årets festival.
Gratis inngong for publikum
Laurdag 4. oktober er det klart for opningsshow / framsyning 1, og publikum er hjarteleg velkomne til showstart kl. 18:00 i Hareidhallen. På opningsshowet er vi ekstra heldige og får med oss blant anna Fjøresteinane, som er ei musikkgruppe frå Ulstein og Hareid. Emil og Silas Massa Vasstrand er også nokre av dei som dukkar opp for å sørge for ekstra show og fysisk aktivitet på årets opning. Og for å avslutte det heile med eit smell, har vi i tillegg har vi klart å fått med oss bandet KNEKT, som lovar å avslutte opningsshowet på ekte rock’n roll vis!
Markering av friluftslivets år
Måndagen har vi ei markering av friluftlivets år, som vi har kalla friluftsglede mellom klokka 10:00 - 12:00, og her blir det ulike aktivitetar både ute og inne. Blant anna er det lagt opp til ei hyggeleg økt rundt bålet i regi av vaksne ressursar frå Speidaren i Hareid kommune, yoga, fotballkamp i regi av ungdomane, samlesing med meir.
Framsyningane er gratis for publikum og streaming blir lagt ut på nettsidene til UKM Møre og Romsdal: Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal 2025 – UKM
- Opningsshow/framsyning 1, laurdag 4. oktober klokka 18:00
- Framsyning 2, søndag 5. oktober klokka 13:00
- Kunstutstilling, søndag 5. oktober klokka 18:00
- Framsyning 3, søndag 5. oktober klokka 19.00
- Framsyning 4, måndag 6. oktober klokka 12.00