Fylkeskommunen deltok på internasjonalt toppmøte på Malta

2. til 4. oktober 2024 deltok Møre og Romsdal fylkeskommune på det årlege møtet til Conference of Peripheral and Maritime Regions på Gozo, Malta. 

Gruppe menneske. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Erlend Jordal (Rogaland), Helge Stormoen (Vestland), Gunn Marit Helgesen (Telemark, styreleiar for KS og har vore midlertidig CPMR-president i år no før Filip Reinhag vart valt), Svein Erik Indbjo (fylkesvaraordførar, Rogaland), Anders Riise (fylkesordførar, Møre og Romsdal). Olav Fransson Drangeid

Møtet samla politiske representantar frå kystregionar over heile Europa for å diskutere felles utfordringar og moglegheiter.

Fylkesordførar Anders Riise representerte fylkeskommunen og deltok mellom anna i diskusjonar om korleis europeisk maritim og marin næring kan ruste seg for framtida. Dette er viktige område for Møre og Romsdal. 

Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR) meiner at delar av svaret bør vere: 

  • europeiske partnarskap for berekraftig marin arealplanlegging i dei ulike havområda våre, der også tredjeland som Noreg og Storbritannia har ei rolle
  • vidare omstilling til ein meir grøn,  digital og sirkulær blå økonomi, mellom anna ved å gjere justeringar i statstøtteregelverk for å kunne støtte fiskeflåten i overgangen til nullutsleppsteknologi
  • meir samarbeid med og mellom regionar for styrke innovasjon og regional utvikling
  • tydelegare regional medverknad til framtidig EU-politikk og framleis politikk for å jamne ut forskjellar mellom regionar (dette er kjent som cohesion-politikk, eller samhøyrspolitikk på nynorsk, og kan sjåast på som ein slags distriktspolitikk)

Også energi vart diskutert, mellom anna med eit framlegg frå Rogaland om korleis det er på tide å ta neste steg innan mellom anna hydrogen: Vi bør i større grad arbeide med korleis marknaden kan ta hydrogen og andre fornybare drivstoff i bruk, det er ikkje nok med innovasjon og partnarskap aleine.

Frå møtesalen. - Klikk for stort bileteMøtet samla politiske representantar frå kystregionar over heile Europa. Olav Fransson Drangeid

Årsmøtet vigde også tid på å diskutere EUs neste langtidsbudsjett, der prosessen allereie er godt i gong. Langtidsbudsjettet vil bli arbeidd med fram mot 2028, og skal då vere gjeldande i ein sjuårsperiode. CPMR fryktar at nye geopolitiske spenningar vil kunne flytte midlar frå regionane deira til forsvar og beredskap, og er tydelege på at det også er forsvarspolitikk å sikre at EU-regionar opplever samhøyr og ikkje blir hengande etter.

Ein av få måtar vi kan påverke europeisk politikk

CPMR er den viktigaste arenaen for samarbeid mellom perifere og maritime regionar i Europa, og har som mål å styrke regionar som Møre og Romsdal gjennom politisk påverknad i saker knytte til mellom anna blå økonomi, fornybar energi og grøn og digital omstilling.

Fordi Noreg ikkje er medlem av EU, er dette ein av få moglegheiter Møre og Romsdal har til å påverke EUs politikk på område vi er opptatte av. EU-politikken er ein vesentleg del av rammevilkåra til både privat og offentleg sektor gjennom EØS-avtalen, noko som gjer det viktig å påverke og halde oss informerte der dette er mogleg. 

– Har alle moglegheiter

Fylkesordførar Anders Riise seier dette om møtet:

– Eg har lært mykje om kva som er viktig i auga til EU og regionane unionen og Europa består av, men også om korleis CPMR fungerer. Det har også blitt tydeleg at vi har ein inngang her og alle moglegheiter for å plassere norske og eigne interesser på agendaen om vi berre grip moglegheitene tidleg inn i dei faglege prosessane. Den nyvalte CPMR-presidenten, Filip Reinhag frå Gotland i Sverige, verker også som ein leiar som kan få til mykje på vegner av organisasjonen.

Mann. - Klikk for stort bilete– Vi har ein inngang her og alle moglegheiter for å plassere norske og eigne interesser på agendaen om vi berre grip moglegheitene tidleg inn i dei faglege prosessane, seier fylkesordførar Anders Riise. Olav Fransson Drangeid

– Også det relasjonelle betyr mykje, og kanskje særleg samtalane med dei andre norske delegasjonane. Å få tida og rammene til å sjå norske regionale interesser under eitt har stor verdi. Med litt strategisk samkøyring kan vi påverke betre både på heimebane og internasjonalt, seier fylkesordføraren.

Fylkeskommunen er også aktiv i den geografisk avgrensa underkommisjonen Nordsjøkommisjonen, som er eit liknande samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen. Nordsjøkommisjonen legg særleg vekt på tema som berekraftig forvalting av marine ressursar, klimatilpassing, grøn omstilling og strategiske samarbeidsprosjekt i Nordsjø-regionen. 

Under årsmøtet i Bergen i juni vedtok Nordsjøkommisjonen fleire viktige standpunkt som støttar opp under regionens mål om ein grøn og berekraftig Nordsjø og Nordsjø-region .

Strategiske internasjonale engasjement

Havnæringane til Møre og Romsdal er verdsleiande, og dette er spegla i dei internasjonale engasjementa våre. Engasjementa gir fylkeskommunen, og dei vi samarbeider med, tilgang til tidleg informasjon om ny politikk, prosjektsamarbeid og nettverk som bidrar til å utvikle regionen og dei viktigaste områda våre.

Gjennom CPMR er Møre og Romsdal synleg blant andre europeiske kystregionar, også andre norske, og tar del i avgjerande diskusjonar om korleis Europa skal møte utfordringar knytt til klimaendringane, energiomstilling og ei berekraftig forvalting av dei viktige sjøareala våre.

Det er fylkestinget som har vedtatt medlemskapet til Møre og Romsdal fylkeskommune i CPMR og Nordsjøkommisjonen, men fylkesutvalet som føl opp og evaluerer alle politiske internasjonale engasjement.