Fylkeskommunen har flytta inn på Campus Kristiansund

Etter fleire års planlegging og bygging, har tilsette i fylkeskommunen i Kristiansund flytta inn i splitter nye lokale på Campus.

Her finn vi tilsette frå alle fylkeskommunen sine fagfelt: kultur, samferdsel, kompetanse og næring, bygg og eigedom og stabfunksjonar. Alle har no innstallert seg på Campus Kristiansund, som ligg midt i hjartet av byen, på Devoldholmen. 

Ny tannklinikk

Bygning med mange ulike fargar - Klikk for stort bileteCampus Kristiansund er ferdig. Offisiell opning blir fredag 8. november

Denne veka tok den offentlege tannhelsetenesta i mot dei første pasientane i ny kompetanseklinikk i 5. etasje av Campus. Dette blir ein ny kvardag både for tilsette og pasientane. 

Tannhelsetenesta i fylket er organisert i fire kompetanseregionar. Kvar region får ein kompetanseklinikk som kan tilby store fagmiljø og moderne klinikkfasiliteter med den beste behandlingsteknologien. No er altså ny kompetanseklinikk for Nordmøre tatt i bruk.

Fagskolen er på plass

 I fjerde etasje finn vi Fagskolen Møre og Romsdal. Skolen har mykje moderne utstyr, som no har kome på plass i nye fine lokale. Både maritim simulator, boresimulator, lab-utstyr og alge-lab, som skal bidra til at elevane får ei mest mogeleg praktisk og realistisk tilnærming til arbeidsoppgåvene dei skal utføre i arbeidslivet. 

Opning veke 45

Offisiell opning av Campus Kristiansund blir fredag 8. november, men heile denne veka (veke 45) av satt av til ulike arrangement og markeringar frå alle leietakarane. 

Du kan lese meir om Campus Kristiansund på campusksu.no