Fylkeskommunen held fram med å støtte bibliotektransport

Møre og Romsdal fylkeskommune held fram med å støtte bibliotektransportordninga i fylket. Det vedtok kultur- og folkehelseutvalet einstemmig. 

Vedtaket inneber at fylkeskommunen vil bidra med inntil 20 prosent av dei totale kostnadane til folkebiblioteka si transportordning, men med ei øvre grense på 600.000 kroner per år i avtaleperioden.

Biblioteklova krev at folkebiblioteka skal stille bøker og andre medium gratis til disposisjon for alle innbyggjarar, og at dei er ledd i eit nasjonalt biblioteksystem. I praksis er det nasjonale systemet organisert som eit lånesamarbeid. Det tyder at lånarar kan bestille bøker frå bibliotek i heile landet og få dei sendt til biblioteket der dei bur – eller til andre bibliotek. Lånarar kan elles levere bøker ved alle bibliotek i landet, og vere trygg på at dei blir sendt tilbake til riktig bibliotek. 

Eit velfungerande lånesamarbeid og effektiv transportordning er ein føresetnad for at det nasjonale biblioteksystemet fungerer effektivt til beste for bibliotekbrukarane. 

Fylkeskommunen har sidan 2011 administrert ordninga, som har vist seg å vere kostbar, men viktig for å oppretthalde eit godt bibliotektilbod. 

I saksframlegget skreiv fylkeskommunedirektøren at det er viktig at fylkeskommunen held fram med å støtte ordninga for å sikre god infrastruktur og utnytting av dei samla bibliotekressursane.

Sakliste, saksframlegg og vedtak frå kultur- og folkehelseutvalet 4. februar 2025