Fylkeskommunen med sterkt resultat i 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune leverer eit sterkt økonomisk resultat for 2025. Det korrigerte netto driftsresultatet vart 580 mill. kroner, tilsvarande solide 6,7 prosent. 

Bruopning. - Klikk for stort bileteFrå opninga av Nerlandsøybrua – eit av dei store høgdepunkta i 2025. Per-Kristian Bratteng

Auka skatteinntekter og rammetilskot på 125 mill. kroner og eit mindreforbruk på 232 mill. kroner bidrog til resultatet. Mindreforbruket viser at omstillinga fylkeskommunen har stått i dei siste åra, saman med stram styring, no gir klare resultat. Av overskotet er 277 mill. kroner sett av til eigenfinansiering av ras- og tunnelsikring.

Ny retning og viktig strategisk val

I 2025 vedtok fylkestinget ein ny skole- og tilbodsstruktur som set ein tydeleg kurs for åra framover. Alle vidaregåande skolar skal bestå, men tilboda blir justerte etter behov og demografiske endringar. Samstundes står fylket sterkt: over 82 prosent av kullet frå 2018 har fullført vidaregåande opplæring – blant dei beste nasjonalt.

Store prosjekt løfter samferdsel

Elektrifisering av kollektivtrafikken held fram, nye bussdepot er tekne i bruk, og fleire store prosjekt er fullførte. Nerlandsøybrua står fram som eit av dei mest sentrale – eit viktig løft for tryggleik, tilgjenge og berekraftig transport.

– Vi leverer gjennom krevjande omstilling

– Resultata viser ein organisasjon som står støtt og leverer. Vi har styrkt økonomien, gjennomført viktige prosjekt og halde oppe kvaliteten i tenestene. Det skal vi bygge vidare på i 2026, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Nøkkeltal 2025

  • 580 mill. kr i korrigert netto driftsresultat (6,7 prosent)
  • 277 mill. kr sett av til eigenfinansiering av investering
  • 10,2 mrd. kr i netto lånegjeld
  • 756 mill. kr disposisjonsfond
  • 82 prosent gjennomføring i vidaregåande opplæring

Årsrekneskapen for 2025 med resultatvurdering og årsmelding skal behandlast i hovudutvala 25.mars, fylkesutvalet 08. april før endeleg behandling i fylkestinget 21.-22. april.

Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2025

Årsrapport 2025 finn du her.