Fylkeskommunen på vårinspeksjon: Sjekkar 64 kaier frå Smøla til Volda

Årets store inspeksjonsrunde av kaier er i gang. I alle delar av fylket skal kvar einste ferje- og hurtigbåtkai kontrollerast. Dette for å sikre tryggleiken til passasjerane.

personer ved båt - Klikk for stort bileteFergekaiene blir inspisert frå båt og frå land. Else Britt Ervik

I april og mai skal tilstanden på alle kaiene langs fylkesvegnettet inspiserast. Arbeidet omfattar både aktive og nokre nedlagde kaier som framleis blir følgde opp. Den nordlegaste hurtigbåtkaia er Kjørsvikbaugen, medan Smøla er den nordlegaste ferjekaia. I sør er dette Volda ferjekai, medan Kvamsøy ligg lengst ut mot vest i havgapet. 

 - Ferjekaier er utsette konstruksjonar som må tole store påkjenningar. Difor er desse inspeksjonane nødvendige for å halde tryggleiken oppe, seier senioringeniør Morten Søvde i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Saman med kollegaene Ole Kristian Remkall og Oddbjørn Fleten er Søvde på rundreise i fylket. Denne vårdagen er det mellom anna Magerholm og Standal som står på programmet. Magerholm har to kaier, ei hovudkai og ei tilleggskai. Kaiene har svært ulik trafikkbelastning.  Magerholm er til dømes ei av fylket sine mest trafikkerte ferkaier, medan Standal i Hjørundfjorden har langt mindre trafikk.  

På sambandet Magerholm – Sykkylven passerer nesten 1 million køyretøy kvart år. Høg frekvens på sambandet gir store belastningar på konstruksjonane. I tillegg kjem ver og vind.  

 - Det er viktig å fange opp endringar tidleg. Vi gjer kontrollar både på kaiene frå land, og frå båt, seier Søvde.  

Standal ferjekai har mindre trafikk, men det er svært djupt i området. Kaia har nyleg vore gjennom ei stor oppgradering, etter sjøen hadde vaska ut fyllingane under kaia.  

 - Alle kaier skal vere trygge. Trafikkmengda endrar berre kva slags slitasje vi forventar å finne, forklarar Søvde.

Heile konstruksjonen blir vurdert

Ein stor del av arbeidet skjer frå båt, slik at dei kjem tett på konstruksjonane.

 - Vi vurderer kaia som eit heilskapleg system, men går og nøye gjennom enkeltpunkt for å avdekke skadar eller svakheiter. Nokre gonger finn vi forhold som har utvikla seg over tid, og som må følgast opp vidare, forklarar Søvde.

I tillegg blir kaiene inspisert av dykkarar kvart tredje år.

Gamle kaier møter nye ferjer

Mange av kaiene i fylket er bygde for fleire tiår sidan, medan ferjene som brukar dei har blitt større og kraftigare.

-  Moderne ferjer har sterkare propellar og meir effekt. Det gir større belastning på kaiene, og det må vi ta omsyn til når vi vurderer levetid og behov for oppgraderingar, seier Søvde.