Fylkeskulturkonferansen 2025: Friluftsliv som kulturarv og framtidskraft

Med blå himmel og havet som næraste nabo, var Fosnavåg ei fantastisk ramme for årets Fylkeskulturkonferanse i Møre og Romsdal. Over to dagar samla deltakarar frå heile fylket seg for å utforske friluftslivet si rolle i kultur, identitet og samfunnsutvikling – i det som også er Friluftslivets år 2025.

Konferansen bar tittelen «Friluftsliv – historia, kulturen og dei mange paradoksa», og programmet tok for seg mange problemstillinger og interessemotsetnader innan frilufytslivet. Deltakarane fekk i tillegg oppleve både padleturar, byvandring, fjellturar og besøk til Runde – alt med fagleg innhald knytt til friluftsliv, naturforvaltning, kulturminne, folkehelse og lokal utvikling.

– Vi ønskte å vise korleis friluftsliv ikkje berre handlar om naturopplevingar, men også kan knyttast til kultur, fellesskap og identitet, sa konferanseleiar Jessica Gärtner i opninga.

Sterke stemmer og tankevekkande perspektiv

Blant dei faglege høgdepunkta var innlegga til arkeolog Kristoffer Dahle, som tok deltakarane med på ei reise gjennom mennesket sit forhold til naturen for ti tusen år sidan og fram til moderne tid. Anette Storli Andersen fortalte om Henrik Ibsen si reise over Sognefjellet og gjennom Sunnmøre og Romsdal i 1862 og eventyrar Stein P. Aasheim reflekterte over korleis friluftslivet kan påverke liva våre. Professor Frode Flemsæter frå NTNU løfta fram korleis stader kan byggast gjennom samskaping mellom folk, natur og kultur.

Asgeir Helgestad, ein av Noregs mest profilerte naturfilmfotografar, heldt eit sterkt innlegg om natur i endring – og viste filmen Skal hilse fra naturen under ein stemningsfull visning i Fosnavåg kino. Filmen, som skildrar tapet av norsk natur og behovet for vern, rørte mange i salen.

Kunst, kultur og natur i samspel

Tysdagen baud også på parallelle sesjonar, der deltakarane kunne fordjupe seg i tema som kunstformidling i natur, kulturarv i friluftsliv, tilrettelegging for eit aktivt friluftsliv og berekraftig bruk av naturen.

Konferansen blei avslutta med eit smell. Alexander Read frå TV-serien Mina og meg inspirerte truleg mange til å ta turen ut i tida som kjem. 

– Dette har vore ei konferanse som både har inspirert og utfordra, sa ein av deltakarane. – Eg reiser heim med nye tankar om kva friluftsliv eigentleg betyr for folk – og kor viktig det er å ta vare på både naturen og historia vår.

Sjå videoklipp med Alexander Read: