Fylkesordføraren deltar på Arendalsuka

Fylkesordførar Anders Riise deltar under Arendalsuka 2025, og skal representere Møre og Romsdal fylkeskommune på fire arrangement i løpet av veka. 

Portrett av mann i mørk dressjakke - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise. Magnar Fjørtoft

Arendalsuka er ein årleg og viktig møteplass for samfunnsaktørar frå heile landet, og i år frå 11.-15. august.

Tre av arrangementa han skal delta på skjer i samarbeid med Vestlandsrådet, som for tredje år på rad er til stades med eigne programpostar. Tidlegare har rådet hatt eitt enkelt arrangement, men i år er satsinga utvida. Dette viser styrken i samarbeidet mellom dei tre vestlandsfylka, og ønsket om å påverke nasjonal politikk i saker som er viktige for regionen.

Fylkesordføraren deltar på følgande arrangement i regi av Vestlandsrådet:

I tillegg deltar fylkesordføraren måndag 11. august på eit arrangement i regi av Norsk institutt for vassforsking (NIVA), der temaet er berekraftig arealbruk og vassmiljø: Hva kan vi gjøre for å bevare og restaurere kyst- og havområdene våre?

– Arendalsuka gir oss ei moglegheit til å synleggjere utfordringane og moglegheitene vi står overfor i Møre og Romsdal og på Vestlandet, seier Riise. – Gjennom samarbeid med andre aktørar kan vi få større gjennomslag for viktige saker.