Fylkesordførar Anders Riise i Paris 01 Fylkesordførar Anders Riise på plass i Paris på OECD Urban Days
Merete Mikkelsen, Vest-Norges Brusselkontor (VNB)
Riise presenterte her korleis Møre og Romsdal arbeider for å følge opp samarbeidet fylkeskommunen har hatt med OECD dei siste par åra. Han deltok og på eit eige toppmøte for inviterte ordførarar der tema var utfordringane kommunar og regionar møter i dag.
– Det var ei stor anerkjenning å bli invitert. Mange var nysgjerrige på korleis vi jobbar, og vi fekk sjølv nyttige erfaringar med oss heim, seier Riise.
Samarbeid med OECD
Under samlinga i Paris lanserte OECD ein samla rapport om sirkulærøkonomi i EU i samarbeid med EU-kommisjonen sitt Circular Cities and Regions Initiative (CCRI), der Møre og Romsdal er ein av 10 europeiske regionar som er analysert. Dette er eit resultat av to års samarbeid der OECD har kartlagt regionane og gitt klare råd om korleis vi kan redusere sløsing og bruke ressursane våre betre.
Slik jobbar fylket med sirkulær økonomi
Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider spesielt med kompetanseheving på offentlege innkjøp, som pådrivar for etablering av ombrukssentralar og sirkulære verdikjeder, og med sirkulære hubar basert på råda frå OECD.
– Sirkulærøkonomi handlar om å ta vare på ressursane våre og unngå sløsing. Vi må tenke nytt, samarbeide meir og bruke det vi har på ein smartare måte, seier Solveig Stornes, som arbeider med sirkulærøkonomi i fylket.
OECD-rapporten for Møre og Romsdal
OECD-rapport for EU