Fylkesordførar Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng
Kjære fylkesting!
Vi er samla i ei tid som på mange måtar krev meir av oss som folkevalde enn på lenge.
Verda rundt oss er prega av uro. Krigen i Europa held fram. Spenningane aukar. Den økonomiske utviklinga er meir usikker enn vi har vore vane med. Samtidig står vi midt i ei nødvendig klimaomstilling.
Dette kan verke fjernt, men det er det ikkje.
Vi merkar det her i Møre og Romsdal.
På energiprisane, renteutviklinga, rammevilkåra for næringslivet.
Og i kvardagen til innbyggjarane våre.
Det globale blir stadig meir lokalt.
I ei slik tid er det avgjerande at vi som folkevalde evnar å lyfte blikket, sjå samanhengar og ta ansvar for dei vala vi gjer.
Frå ubalanse til kontroll – eit nytt utgangspunkt
Eg vil starte med eit viktig bodskap: Vi har teke grep, det viser både økonomirapporterings -saka og strategi-og rammesaka
Dette har vi også løfta i siste møte i Vestlandsrådet, der fylkeskommunen gått frå økonomisk ubalanse til betre kontroll. Det har vore krevjande politiske val og prioriteringar, tydelege vedtak og ein stor innsats frå organisasjonen i fylkeskommunen.
Dette viser at vi evnar å ta ansvar når det krevst.
Men vi må også vere ærlege:
Kontroll er ikkje det same som handlingsrom.
Eit strammare økonomisk bilete
Vi står framleis i ein situasjon prega av auka kostnader, inflasjon, store investeringsbehov og eit vedvarande press på tenestene.
Rentenivået har endra mykje på kort tid. Gjeld kostar meir, investeringar blir dyrare – og handlingsrommet blir mindre.
Utviklingstrekka vi ser, peikar i same retning: presset aukar.
Dette er ikkje ei mellombels utfordring. Det er strukturelt.
Det betyr at vi ikkje kjem langt med små justeringar. Vi må ta tydelege val.
Vi er heller ikkje i mål. Gjeldsnivået er framleis for høgt, og vi er framleis sårbare. Det gjer dei prioriteringane vi no skal gjere endå viktigare.
Styring og eigarskap
Vi har også eit ansvar for korleis vi forvaltar verdiar gjennom eigarskapen vår.
Gjennom arbeidet i eigarskapsutvalet har vi sett i gang ein grundig gjennomgang av selskapa vi eig eller er involverte i. Dette arbeidet har og andre fylkeskommunar lagt merke til, og vurderer liknande tiltak.
Dette handlar om å sikre at eigarskapen er aktiv, målretta og i tråd med dei politiske ambisjonane vi har for fylket.
Det er eit arbeid vi må halde fram med for å sikre god styring og best mogleg bruk av fellesskapet sine ressursar.
Utfordringsbilete framover
Når vi ser framover, er det fleire utviklingstrekk som vil prege oss, og utfordre oss.
Folketalsutviklinga er eitt av dei mest grunnleggjande.
Lågare elevtal i vidaregåande opplæring vil få store konsekvensar. Fylkestinget gjorde difor eit viktig vedtak i desember om ny skule- og tilbodsstruktur, etter ein grundig prosess og med eit solid kunnskapsgrunnlag.
Dette er vedtak vi kjem til å merke i åra framover.
Og det er vedtak som vil krevje både gjennomføringsevne og politisk mot.
Samtidig kjem fullføringsreforma. Fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring, og vi skal lukkast betre med å følgje opp elevane.
Det er eit viktig mål, men det vil også stille større krav til oss.
Vi ser det same på andre område.
Innan tannhelse har vi fått nye pasientgrupper. Det aukar presset på tenestene, og kapasitet og tilgang på fagpersonell vil bli ein flaskehals vi må handtere.
På samferdselsområdet er utfordringane store. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er omfattande. Sjølv om vi har fått noko auka midlar, er det langt frå tilstrekkeleg. Vi står også overfor krevjande prioriteringar innan kollektivtilbodet.
Vi skal gi eit godt og tilgjengeleg tilbod til innbyggjarane, samstundes som kostnadene aukar og handlingsrommet er avgrensa.
Dette betyr at vi må prioritere endå tydelegare framover.
Samtidig ser vi utfordringar som går utover vårt direkte ansvarsområde, men som er avgjerande for innbyggjarane våre.
Helseføretaket er eit anna døme.
Og vi skal i dette fylkestinget behandle ei uttale om likeverdige helsetenester, i lys av den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal. Uroa er reell, og eg er oppriktig bekymra for at innbyggarane i Møre og Romsdal ikkje får likeverdige tenester som resten av landet får.
Dette handlar i botn om tryggleik, likeverd og tillit. Det må difor handlast breitt i det politiske miljøet.
Utvikling og resultat – det vi får til
Sjølv om utfordringane er mange, er det viktig å stoppe opp og sjå kva vi faktisk får til.
- Nerlandsøybrua
- Normoria
- Ferjekaier
- Brufornying
- Tunnelsikring
Dette er resultat av langsiktig arbeid.
Det handlar om å knyte fylket saman fysisk, kulturelt og økonomisk.
Vi bygger også sterke fagmiljø og møteplassar. Gjennom Normoria, Campus Kristiansund og planane for Ørsta KKS styrkar vi både kompetanse og attraktivitet.
Samtidig er kultur ein viktig del av dette.
Kulturtilbod og arenaer for møte og opplevingar er avgjerande for trivsel, identitet og utvikling i heile fylket.
Og vi gjer det i tett samarbeid med kommunane.
For vi veit: Vi får til meir saman enn kvar for oss.
Denne veka fekk vi også ei viktig avklaring:
Stad skipstunnel er vedteken.
Ei sak mange har kjempa for i mange år.
Og eit tydeleg døme på kva langsiktig politisk arbeid kan føre til.
Det vil få stor betydning for tryggleik, framkome og verdiskaping langs kysten.
Det gir grunn til å feire og til å ha tru på det vi kan få til meir om står oftare samla.
Verdiskaping, kraft og infrastruktur
Framover må vi leggje til rette for vidare verdiskaping i Møre og Romsdal.
Tilgang på kraft er i dag ei av dei største utfordringane vi står overfor. Manglande kapasitet er ein strategisk risiko.
Utan tilstrekkeleg kraft vil både næringsutvikling, grøn omstilling og vidare vekst bli bremsa.
Dette krev at vi som fylkesting tek tydelege val og står i dei over tid, i tett samhandling med kommunar, næringsliv og staten.
Samtidig må vi halde fram med å prioritere infrastruktur som bind regionen saman.
Sjølv om investeringstakten er redusert, skal vi halde fast ved dei prosjekta som styrkar fylket.
Dette handlar om tilgjenge, men også om å skape større bu- og arbeidsmarknader.
Det gir grunnlag for vidare verdiskaping.
Kommunane – ein avgjerande samarbeidspartnar
Kommunane står i eit stort press.
Utfordringane handlar om økonomi, demografi og rekruttering.
For oss betyr det at vi må vere ein god samarbeidspartnar.
Vi må bidra til samanheng, ikkje fragmentering.
Og vi må vere ein utviklingsaktør, ikkje berre ein forvaltar. Det er ikkje dei og oss, men vi ilag i fylket.
Internasjonalt samarbeid – konkret og viktig
I ei meir uroleg verd blir det internasjonale samarbeidet endå viktigare.
Gjennom Vest-Norges Brusselkontor får vi tilgang til kunnskap, nettverk og påverknad. Det er positivt at fleire kommunar i fylket har blitt med i dette samarbeidet.
Vi har også eit sterkt internasjonalt engasjement i fylkeskommunen.
Eit godt døme er Erasmus+.
Igjen ligg vi heilt i toppen nasjonalt, med over 20 millionar kroner til mobilitet neste skuleår.
Dette gir store moglegheiter for elevar og tilsette. og viser at internasjonalt samarbeid gir konkrete resultat lokalt.
Beredskap og klima
Vi står også midt i totalforsvarsåret.
Det handlar om å styrke evna til å førebyggje, samarbeide og handtere kriser – i eit breiare perspektiv enn før.
Samtidig veit vi at klimaendringane vil påverke oss i aukande grad. Meir ekstremvêr vil stille nye krav til både planlegging og infrastruktur.
Dette krev langsiktig arbeid og kloke prioriteringar.
Demokrati, debattklima og ansvar
Debattklimaet er i endring.
Tempoet er høgare.
Tonen er tidvis hardare.
Falske nyheiter.
Algoritmar og KI.
Det påverkar det å vere folkevald.
Og det reiser eit viktig spørsmål:
Kven vil ta på seg dette ansvaret framover?
Dette handlar ikkje berre om debatt,
det handlar om framtida for lokaldemokratiet.
Det er eit ansvar vi alle deler,
og eg vil oppmode fylkestinget til å vere forbilde i ordskiftet.
Arbeidsgivaransvar og likestilling
Fylkestinget er også arbeidsgivar.
Bak alle vedtak står det tilsette som kvar dag leverer tenester til innbyggjarane.
I ei tid med omstilling må vi halde fast på god leiing, medverknad og kompetanseutvikling.
Likestilling og like moglegheiter er ein viktig del av dette.
Skal vi lukkast framover, må fleire få moglegheit til å delta og bidra.
Retningsvalet framover
Så kjem vi til det viktigaste:
Kva retning skal vi ta vidare?
Strategi- og rammesaka handlar ikkje berre om tal.
Den handlar om val.
Om kva vi skal satse på.
Og kva vi må velje vekk eller ned.
Ambisjonane våre må stå i forhold til bereevna.
Det er vårt ansvar.
Avslutning
Kjære fylkesting,
Vi står i ei krevjande tid.
Men vi står ikkje utan retning.
Vi har vist at vi kan ta ansvar.
Vi har fått betre kontroll.
No må vi bruke dette til å peike retning framover.
Til å ta val.
Og til å utvikle Møre og Romsdal vidare.
Eg ser fram til ein god og open debatt.
Takk.