Fylkesordføraren sin tale til fylkestinget

Her er fylkesordførar Anders Riise sin tale til fylkestinget.

Fylkesordføraren på talarstolen. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

Gode fylkesting!

Vi er no snart ferdig med godt å vel det fyrste halvåret i denne fire- års perioda. Det har på mange måtar vore eit krevjande halvår, men der er og mange lyspunkt.

For å starte på konklusjonen:

Den overordna utfordringa for fylkeskommunen er utan tvil økonomien i fylkeskommunen. Det er mange grunnar til at den er som den er med landets dårlegaste måltal.

  • Dårlegaste driftsresultat
  • Minste disposisjonsfond
  • Høgaste gjeldsgrad

 

Skal vi betre desse, må vi erkjenne at summen av alle vedtaka som vi i hovudsak alle har vore einige om, også må løysast i fellesskap.

Det er likevel mykje positivt som skjer i Møre og Romsdal, og eg  har trua på dette fantastiske fylket vårt.

 

Møre og Romsdal skal bli god på regionbygging og samarbeid

  • Vi treng å sameine kreftene i fylket og få meir ut av ressursane som finns her
    • Møre og Romsdal er frå 2024 landets 9. største fylke målt i folketal,
    • Vi har lågare sysselsetjingsvekst og folketalsvekst enn landsgjennomsnittet
    • Vi er i tøff konkurranse med resten av landet og verden om folk, kompetanse og kapital.
    • Fylkeskommunen si rolle som samordnar får auka betydning, og i eigenskap av å vere bindeleddet i offentleg forvaltning kan vi påverke både bruken av kommunale og statlege verkemiddel

 

  • Utfordringane er større og meir samansett enn tidlegare, dette krev felles kunnskap og samarbeid
    • Dei demografiske endringane og klimautfordringane krev at vi som samfunn må gjennom drastiske omstillingar. Dette får vi berre til om vi greier å etablere ei felles forståing av alvoret i situasjonen. Dette er også viktig for å bevare tilliten og stabiliteten i samfunnet
    • Fylkeskommunen har i oppdrag å sørge for felles kunnskapsgrunnlag til bruk i kommunar, organisasjonar, media og andre regionale aktørar. Denne kunnskapen må vi bruke for å få ut også til innbyggarar og brukarar at ressursane har vorte knappare. Det gjeld både folk, natur, energi og økonomi.

 

  • Vi må tenke nytt og få til fleire samarbeid med privat- og frivillig sektor
    • Ulike sektorar sitt med sine verkemiddel og desse må vi klare å mobilisere for utvikling av tilbod og arbeidsplassar i fylket – men da må fylkeskommunen også vere med å utvikle desse aktørane.

 

  • Mange verkemiddel for regional utvikling er tilgjengelege berre gjennom europeisk samarbeid
    • Aktørar i fylket må konkurrere om EU-midlane
    • Halvparten av sakene i norske kommunestyre og fylkesting er påverka av regelverk frå EU/EØS.
    • Politikken i EU og andre internasjonale organisasjonar er også del av rammevilkåra til næringslivet vårt – ikkje minst nye regelverk og satsingar knytt til EUs Nye grøne giv
    • Fylkeskommunen sitt internasjonale arbeid er dermed viktig for at desse ressursane hamner i Møre og Romsdal – og for å førebu fylket på regelendringar som kjem

 

  • Vi må gi ungdommane våre gode opplevingar i oppveksten og sørge for medverking
    • Skal ungdom velgje å busette seg i fylket når dei blir vaksne, må vi gi dei gode barndoms- og ungdomsminne og ein følelse av å høyre til her. Dette gjer vi mellom anna ved å inkluder barn- og ungdom i utforming av tenestetilbod og samfunnsutvikling. Deltaking i elevråd og ungdomsråd er også med å gi demokratisk erfaring, noko som synest viktigare enn nokon gong.
    • Fylkestinget har prioritert ein koordinatorressurs til dette arbeidet, noko som er ein føresetnad for å lukkast med ungdomsmedverking. Vårt ungdomspanel er ein stor ressurs ikkje berre for fylkeskommunen, men også for kommunale ungdomsråd – og ungdomsmedverking på nasjonalt nivå.
    • Vi må også ta eldre og personar med nedsett funksjonsevne med på råd. Dei har kunnskap om sin situasjon og har rett til å komme med innspel om saker som rører ved dei. Dei er særleg viktige i arbeidet med å sikre universell utforming og løysingar som kan brukast av alle. 

 

  • Samfunnstryggleik og beredskap er aktualisert gjennom pandemien, krigen i Europa,  auka proteksjonisme, cyber-angrep og ustabilitet i verda. Dette vil krevje både meir merksemd, meir ressursar og meir samarbeid.
    • Skal ein lukkast i arbeidet med beredskap krev det at ulike aktørar i fylket bidreg med sin kunnskap, sine folk, sine verktøy – og at vi øver saman.
    • Fylkeskommunen har som planmynde, utviklingsaktør og tenesteprodusent eit stort ansvar for samfunnstryggleiken i fylket. 
    • Statsforvaltaren saman med Fylkesberedskapsrådet har på grunnlag av FylkesROS Møre og Romsdal 2022 utarbeidd tiltak og oppfølgingsplan med nærare ansvarsavklaringar for perioden 2023 – 2026. Her er fylkeskommunen ein aktiv samarbeidspartnar.
    • Statsforvaltaren sitt siste tilbod med samling for leiarar på Setnesmoen er eit svært godt initiativ.

 

Møre og Romsdal skal vere ein pådrivar for å løyse klima og miljøutfordringane

  • Vi må ta vår del av det globale og nasjonale ansvaret for å få ned klimagassutsleppa – og forsette kampen om å få staten til å bidra meir!
    • Konsekvensane av klimaendringane blir tydelegare for kvart år, og er en potensiell stor utgiftskilde for både oss, kommunane, næringslivet og privatpersonar
    • I Møre og Romsdal, sett under eitt, er vi langt unna å nå måla om 55% kutt innan 2030, det krev større omleggingar enn aktørane i fylket har fått til
    • Fylkeskommunen følger utviklinga gjennom årlege klimarekneskap og legg inn nye tiltak i klimabudsjettet. Også her må vi jobbe for at staten legg betre til rette for talgrunnlag som kommunar og fylkeskommunar kan nytte.
    • Nesten alle einingane i fylkeskommunen er miljøfyrtårnsertifiserte.

 

  • Vi må begynne å tenke på areal som noko som blir brukt opp – slik vi tenker om økonomiske ressursar.
    • Presset på naturressursane, urørt natur og kulturmiljø aukar, både på land og i sjø. Det tvinger oss til først å sjå på areal som allereie er nedbygd når vi skal etablere noko.
    • Areal- og naturrekneskap er eit verktøy som gir beslutningstakarar kunnskap om kva type areal kommunane har, kva dei er brukt til og avsett til i planar
    • Fylkeskommunen har laga ein arealrekneskap for Møre og Romsdal som kommunane kan bruke i si planlegging. Det blir arbeidd med forbetre talgrunnlaget i denne og få kommunane til å ta den i bruk.

 

  • Vi må la nye generasjonar få oppleve natur- og kulturarven i fylket
    • Det er sentralt å finne balansen mellom vern og bruk av kulturmiljø i stadutviklinga. Gode rammevilkår og tilgang på kompetanse er også sentralt i denne samanhengen. Fylkeskommunens innsats er avgjerande for at denne felles arven blir forvalta, utvikla og teke vare på.

 

  • Vi skal redusere og optimalisere ressursbruken
    • Vi skal gjennom ei omstilling frå ein «bruk og kast»- økonomi ein sirkulær økonomi der ressursane i størst mogleg grad skal brukast på nytt.
    • Delingskultur, sambruk, tenester for vedlikehald og returordningar blir viktige.
    • Produkt, bygg og infrastruktur må ha lengst mogleg levetid og vere designa for ombruk, reparasjon og resirkulering.
    • Omlegging til sirkulær økonomi har potensial til å skape mange nye, lokale arbeidsplassar. Fylkeskommunen er godt i gang med å ta ei rolle her, mellom anna i samarbeid med OECD. Eg ser fram til OECD rapporten som kjem etter sommaren, og som har eit særleg fokus på Møre og Romsdal.

 

Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og inkluderande fylke

  • Vi skal jobbe for at innbyggjarane i Møre og Romsdal har gode levekår, god helse og høg trivsel
    • Vi ligg i landstoppen når det gjeld gjennomføring i vidaregåande skule.
    • Det er likevel mange grupper i befolkninga som opplever å stå utanfor på ulike vis. Både for berekrafta i samfunnet og for tilliten i befolkninga, er det avgjerande at alle innbyggjarane blir godt inkludert i arbeids- og samfunnsliv. I Møre og Romsdal stod over 4 000 ungdommar i aldersgruppa 15-29 år utanfor arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak i 2023.
    • Fylkeskommunen har etter folkehelselova eit definert ansvar for oppfølging av kommunane.
    • Fylkeskommunen har frå 2020 hatt det regionale ansvaret for integrering.  Krigen i Ukraina har gjort at fylkeskommunen har styrka sin innsats med ytterlegare. I 2023 busette kommunane i Møre og Romsdal 2 731 flyktningar, og nesten like mange i 2022.
    • Både for berekrafta i samfunnet og for tilliten i befolkninga, er det avgjerande at alle innbyggarar blir godt inkludert i arbeids- og samfunnsliv.

 

  • Vi må sikre at næringslivet og offentleg sektor har tilgang til kvalifisert arbeidskraft
    • Mangel på arbeidskraft bremsar no utviklinga i privat sektor, og det utfordrar det offentlege tenestetilbodet i fylket.
    • NAVs bedriftsundersøking viser at mangelen på arbeidskraft i fylket vårt er rekna til over 3 200.
    • 65 % har valt yrkesfag på VGS, dette er i tråd med behovet i næringslivet, men utfordrar fylkeskommunen på areal- og økonomi.
    • Fylkeskommunen fikk i 2020 et utvida ansvar for kompetanse, målgruppa vår er ikkje berre dei mellom 16 og 19 år, men i stadig større grad alle i yrkesaktiv alder. Vi skal blant annet ha oversikt både over kompetansebehov og kompetansetilbud.
    • Kunnskap og oversikt over kompetansebehovet i fylket blir viktig framover for å kunne;
      • dimensjonere tilbodet innanfor vidaregåande opplæring
      • utvikle nye utdanningstilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
      • treffe riktig kvalifiseringstiltak for dei som står utanfor arbeidslivet i dag
      • skape arbeidslivsrelevans i eksisterande utdanningstilbod på alle nivå i utdanningssystemet.
    • I desember vedtok i Fylkesstrategi for kompetanse. Strategien gjer det tydeleg korleis ulike regionale aktørar skal samarbeide om kompetansane vi treng.

 

  • Vi treng attraktive byar og stadar som trekk folk
    • Folk i dag vel i større grad enn tidlegare kor dei vil bu, ikkje berre ut frå kva slags jobb dei kan få, men også ut frå kva slags bustad dei kan få tak i, kva slags tilbod og tenester som finst, som kafear og byliv, bygdeliv, kultur og fritidstilbod - kort sagt; kva slags liv dei kan leve der. Byane og tettstadane er difor viktig for vår regionale utvikling og for at vi skal greie å tiltrekke oss og å halde på folk. 
    • Folk trekk folk, og der folk møtes, skapast næring. Folk er det viktigaste premisset for eit levande sentrum. Skal folk kome til sentrum må dei ha noko å gjere der. Vi må derfor sørge for å legge både arbeidsplassar, bustadar og mange tilbod dit, slik at folk har ein grunn til å kome. Og så må vi forme omgivnadene slik at folk trivast der. 

 

  • Vi skal ha eit kultur- og fritidstilbod som skaper tilhøyrsel og trivsel i by og bygd
    • Dei globale samfunnsutfordringane påverkar oss alle. Befolkninga blir eldre, fødselstala går ned. Mykje tydar på at vi som samfunn kjem til å gå tom for folk, før vi går tom for pengar. Vi manglar allereie kompetanse og menneskelege ressursar i Møre og Romsdal. Vi har eit ansvar for å medverke til at barn og unge får ein god oppvekst her. Medan vi har dei her, må vi gje dei eit mangfald av aktivitetar og fritidstilbod å velje mellom. Vi må gje dei gode opplevingar. Ein trygg barndom. Om vi ikkje tek vare på ungdommen, skapar eit samfunn der dei og vi har noko å leve for, ikkje berre av, er det mange som ikkje kjem att til heimfylket etter ferdig utdanning.
    • I ein verd der dagens jobbar, er utdaterte i morgon, er det viktig å tenke alternativt. Fylkeskommunen er involvert i fleire prosjekt der vi støttar opp om tilbod som stimulerer barn og ungdom sin kreative muskel. På varierte læringsarena som Da Vinci verkstad i Ålesund og i Bakgården ungdomsklubb i Kristiansund, møtest profesjonell kunst og pedagogikk i nye undervisningstilbod. Slik bidreg vi til engasjement og verkelyst, og dermed til næringsutvikling og kompetanse for framtida.
    • Undersøkingar gjort av NHO Reiseliv viser at kulturell og kreativ næring styrker konkurransefortrinn, bidreg til innovasjon og bygger gode destinasjonar.
    • Det er grundig dokumentert at det er lønnsamt å investere i kulturopplevingar. Om ein lukkast i å hente ei filminnspeling til regionen, legg prosjektet att over fire kroner for kvar krone som er investert. Det er ei god avkasting, spør du meg.
    • Over heile fylket er lokale kulturarrangement og kultursatsingar med på å skape sosiale arena og møteplassar. Gjennom Møremusikarordninga bidreg vi til at frivilligheita får midlar til å leige inn profesjonelle musikarar, og på Longva får lokalbefolkninga ta del når profesjonelle kunstnarar, frå inn- og utland, er på besøk ved kunstnarresidensen. Slik får vi som bor i fylket stadig nye kulturopplevingar, og dei profesjonelle får betalte oppdrag. Vi bygger lokalsamfunn og næringsliv, samstundes. Vi legg til rette for arbeidsplassar. Dette gjer at folk vil flytte til staden og bli buande.
    • På lik linje med natur og opplevingsaktivitetar, gir kulturelle og kreative næringar innhald til reiselivet. Dei bidreg til å skape attraktive kommunar med sosiale møteplassar og opplevingar for både fastbuande og besøkande. Ein god stad å bu, er ein god stad å besøke, fordi det skjer noko der.
    • Ei undersøking gjort i 2020 av Norstat på vegne av Riksantikvaren, synte at “kultur trumfar natur” når nordmenn dreg på ferie i eige land. Dei av turistane som satsa på eit program fylt opp av kulturopplevingar, var langt meir fornøgde med ferien sin enn dei som berre satsa på natur. Det lover godt for Møre og Romsdal med alle sine festivalar, spel og vakre kulturminne i kvar ein fjord og på kvart eit nes.
    • Korleis kan vi bli flinkare til å sjå på, og ikkje minst nytte, kultur som drivkraft i stadutvikling? Eit døme er Kunst i offentleg rom. Kunst i offentleg rom er kunstverk som blir laga for å bli opplevd på stader som er opne for alle, slik at den alltid er tilgjengeleg for publikum, altså der folk ferdes og oppheld seg. Det kan vere offentlege rom både innandørs og utandørs, til dømes skolar, kulturhus, bibliotek, byrom, parkar og andre uterom.
    • Som idrettsfylke, har Møre og Romsdal eit stort potensial. Vi fostrar store toppidrettsutøvarar. Og då er det på sin plass å gratulerer til Karoline Bjerkeli Grøvdal med EM -gull og sølv med 35 timars mellomrom! Alle desse kjem frå ei stad, ein stad som har rammevilkår for vekst og utvikling. Fylkeskommunen sitt arbeid med kommunar og idretten om anleggsutvikling er viktig i denne samanhengen for å skape rammevilkår for utvikling.
  • Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv.
  • No, etter pandemien lever vi i eit samfunn prega av frykt for krig, einsemd og psykisk uhelse.
  • Folkehelse handlar om korleis du og vi alle har det; helse, fråvær av sjukdom, meistring, trivsel og livskvalitet. Gode opplevingar, å meistre noko, bygge eit talent, vere saman med andre med same interesse – alt dette gjer kulturlivet for enkeltmenneske. Kulturavdelinga har ansvar for folkehelsearbeidet i fylkeskommunen og samarbeider tett med kommunane om å fremme god folkehelse for alle. Kanskje kan vi sjå det slik, at heile kulturbudsjettet vårt er eit folkehelsebudsjett?
  • Deltaking i kunst- og kulturaktivitetar, idrett og andre meiningsfylde aktivitetar på fritida kan skape eit trygt sosialt miljø der barn og unge er inkludert og stemma deira har betydning. Det å møte fleire med same interesse, kan gjere at barn og unge føler seg anerkjent og som ein del av eit fellesskap.
  • I fylkeskommunen arrangerer vi kvart år fylkesfestival i UKM (ung kultur møtast) der målet er at ungdom skal kunne samlast på ein sosial arena der ungdommane får nye vener og opplever trivsel og fellesskap. Det er eit mål for fylkeskommunen at det skal vere heilt gratis for ungdommar å delta på UKM, også i eigen kommune.
  • Fylkeskommunen har samarbeidsavtale om UNG kunst og kultur med 18 kommunar der målet er å auke tilbodet til kulturinteresserte barn og unge i kommunane. Eit auka kulturtilbod kan gi auka trivsel og føre til bu-lyst og bli-lyst for målgruppa, og at vi bygger unge vaksne med kreative evner som kan løyse framtida sine utfordringar.
  • Mange stader er biblioteket ein viktig stad å vere saman med andre barn og unge. Det er eit lågterskel og gratis tilbod. Vi arbeider med og stimulerer kommunar til å utvikle sine bibliotekrom og -tilbod.

Kulturminne skal bli ivaretatt gjennom samarbeid med kommunar og lokal frivilligheit

  • I dette fylket har vi eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, historiske kulturlandskap frå fjell til hav. Eg kan nemne fjellgardar og setergrender, verdsarvfjorden inn mot Geiranger, Den Trondhjemske postvei, Norges lengste kulturminne som strekk seg gjennom heile fylket frå sør til nord, galeasen «Søblomsten» på Vestnes, Polarstar og Ishavmuseet Aarvak og historiske fyr i havgapet. Fylket, kommunane og iherdige frivillige jobbar saman om vern, formidling og verdiskaping på og rundt desse kulturminna. Sjølv om dei fleste av våre kulturminne i seg sjølve ikkje er av dei mest storslagne, så kan naturen rundt likevel gi storslagne opplevingar – og dei trekker til seg folk frå nær og fjern.
  • Det er ikkje nødvendigvis dei store og verdskjente kulturminna som er dei viktigaste. Historia om staden me bur på er med på å skape tilhøyrsle, identitet, og trivsel i lokalsamfunna.
  • Til saman har denne kulturarven ein heilt eigen evne til å inspirere oss som bur her, og dei som kjem på besøk. Dei sett oss i ein historisk samanheng, gjer liva våre tryggare, rikare og gir moglegheit til å føle fellesskap.
  • Kulturminne er ikkje-fornybare ressursar og det som ikkje vert bevart, går tapt for alltid. Det er ikkje råd å seie kva som vil bli verdsett og rekna som kulturminne i framtida, så forvaltninga krev god dialog heilt frå grasrota opp til staten. Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal bli forvalta og teke vare på slik at dei er til glede og nytte. Dei er grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Kulturminnevernet er avhengig av private eigarar og frivillige organisasjonar sitt ansvar, initiativ og engasjement.

 

Næring

Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv og ein innovativ offentleg sektor

  • Vi treng å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar
    • Fylkeskommunen kan bidra til eit kunnskapsbasert og innovativt arbeids- og næringsliv. Det vil krevje velfungerande regionale innovasjonssystem med samspel og kunnskapsflyt mellom næringar, forskings- og utdanningsmiljø, samt offentlege myndigheiter og verkemiddelaktørar.
    • I fylkeskommunen sitt omstillingsprogram Skaparkraft har vi samarbeidsprosjekt og tilskotsordningar innanfor fire satsingsområde: Grøne industrielle løft, Smart teknologi, Fornybar energi og Kompetanse i og for næringslivet.
    • I ein nasjonal avtale har fylkeskommunane, Innovasjon Noreg, Siva og Forskingsrådet gått saman om å utvikle sirkulærøkonomien ved å realisere 100 industrielle symbiosar rundt i landet. Industriell symbiose handlar om at avfall frå ei bedrift er råstoff for ei ann.
    • I ein region med demografisk utfordringar er det ei erkjenning at det er viktig og ta i bruk heile befolkninga sin kreativitet og skaparkraft for at vi skal auke verdiskapinga i samfunnet og livskvaliteten til den enkelte. Entreprenørskapskompetanse er heilt avgjerande for å kunne lukkast med dette og ein viktig ingrediens når ein skal evne å få fart på det grøne skiftet. Entreprenørskapssatsinga hoppid. er eit viktig tilbod frå fylkeskommunen.

 

  • Vi må jobbe for at fylket får tilgang på meir energi
    • Det er underskot på kraft i Møre og Romsdal, og vi produserer berre halvparten av det vi bruker.
    • I åra framover vil vi alle merke godt dei alvorlege utfordringane, både vi som bur i fylket, men også næringslivet. Vi vil rett og slett ikkje ha nok kraft til alle. Denne problemstillinga må vi fortsette på dagsorden, slik som vi gjorde på Nyttårskonferansen!
    • Fylkeskommunen har ein aktiv dialog med Statnett, regionale nettselskap og næringsliv for å stimulere til nettutbyggingsplanar og kapasitetstilgang.
    • Fylkeskommunen har levert fleire utgreiingar og kunnskapsgrunnlag knytt til fornybar energi og kraftsituasjonen i Møre og Romsdal.
    • Vi må og ta diskusjonen om kjernekraft kan vere ei løysing for Møre og Romsdal.

 

Samferdsel

  • Vi må prioritere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og miljøvennlege reiseformer som kollektiv, gange og sykkel.
    • Fylkesvegane i Møre og Romsdal åleine har eit vedlikehaldsetterslep på nær 17 mrd. kroner. Og då er ikkje kostnader knytt til å rette opp manglande generell vegstandard tatt med, som t.d. utretting av kurver og breiddeutviding. Det reelle behovet er dermed langt høgare enn det berekna etterslepet.
    • Det store etterslepet skuldast mellom anna at fylkeskommunane etter forvaltningsreforma i 2010 fekk overført 17 200 km riksvegnett, men løyvingane som følgde har konsekvent vore lågare samanlikna med løyvingane til riksvegnettet.
    • Seinast i førre veke har vi hatt denne problemstillinga på Trollstigen, der ei heil turistnæring vart hardt råka. Mange andre eksempel kunne vore nemnt.
    • Vi ønsker å snu utviklinga, og da treng vi eit skikkeleg løft. Eit minstekrav er at fylkeskommunane faktisk får moglegheit til å redusere vedlikehaldsetterslepet, og ikkje berre forsinke veksten i dette.

 

Miljø og nullutslepp FRAM

  • Mot slutten av dette året har FRAM 16 hybridferjer i drift. Desse er fordelt på 10 samband, og sikrar at Møre og Romsdal fylkeskommune kan levere på sine målsettingar om å redusere utslepp frå ikkje-kvotepliktig sektor med 55%. Ein av Møre og Romsdal sine viktigaste innspel til den venta forskrifta om nullutslepp innan båt- og ferjedrifta, er at hybridfartøy må aksepterast som ei løysing. Både som følgje av kostnadar  og som følgje av beredskap og sikkerheit i ein krisesituasjon.
  • I 2024 har FRAM 40 elektriske bussar i drift, der 10 går i Ålesund og 30 går i Averøy, Kristiansund, Aure og Smøla. Førre vinter var det medieoppslag på Austlandet om elektriske bussar som ikkje greidde å gjennomføre drifta som planlagt. I Møre og Romsdal har vi valt løysingar som truleg vil sikre robuste driftsopplegg, mellom anna ved å ikkje planlegge for å ta ut rekkevidda heilt på kvart vognløp.
  • Fylkestinget skal behandle  strategien for neste hurtigbåtanbod i oktober. Strategien må innehalde kva ruter som skal vidareførast og korleis desse skal driftast. Der skal fylkestinget mellom anna ta stilling til om hurtigbåtruter i Møre og Romsdal skal få null- eller lågutslepp.

 

Underfinansiering ferje

  • I Møre og Romsdal er tilbodet på riksvegferjene og fylkesvegferjene betre enn den nasjonale ferjestandarden. Den store skilnaden mellom desse to er at staten fullfinansierer drifta på riksvegferjene, medan fylkeskommunen må kryss-subsidiere fylkeskommunal ferjedrift.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune brukar  kvart år 260 mill. kroner meir på ferjetenester enn kompensasjonen frå staten.

 

  • Kommunal deflator skal dekkje kostnadsutviklinga i kommunal sektor, pris- og lønsvekst.
  • Ferjeindeksen som regulerer alle rutepakkane for fylkesvegferjedrift i Møre og Romsdal i 2024, medfører ei auke på om lag 7,8 prosent frå 2023.
  • Kommunal deflator var anslått til 4,3 prosent i nasjonalbudsjettet for 2024, og den vert ikkje endra i revidert nasjonalbudsjett.

 

Dersom vi brukar kommunal deflator som «benchmark» mot ferjeindeksen i 2024, får vi ei ekstraordinær kostnadsutvikling på: (7,8 – 4,3 =) 3,5 prosent.

  • Ei ekstraordinær kostnadsutvikling på 3,5 prosent betyr om lag 83 mill. kroner i auka kostnader knytt til basiskontraktene i ferjedrifta.
  • Auka ferjekostnader vert ikkje kompensert i revidert statsbudsjett for 2024. Det betyr at fylkeskommunen sin økonomi blir enda dårlegare.

 

Takst og billetteringssystem

  • Møre og Romsdal var før november 2023 det fylket i Noreg med flest soner, med totalt 550 soner. November 2023 innførte vi 7 store soner i fylket. Dette har vore ei av dei viktigaste endringane som FRAM har gjort for å møte framtida si billettering. Dette har ikkje berre gjort det enklare for våre reisande å forstå, men har også gjort lengre reiser betydeleg rimelegare. I tillegg til forenkling av billettstrukturen har dette bidratt til ein meir brukarvenleg og effektiv kollektivtransport, og tilbakemeldingane frå kundane har vore positive.
  • Vi har introdusert ny app, reiseplanlegger og nettbutikk.

 

So til slutt litt om det nye målet i fylkesplanen om berekraftig økonomi. Alle gode formål må vegast opp mot kva dette betyr for folk, miljø og økonomi. Sjølv om vi ikkje skal profilere oss som berekraftsfylke lenger, er plan- og styringssystemet vårt lagt opp etter dei tre berekraftsdimensjonane. At vi legg berekraft til grunn er ei forventning frå nasjonale myndigheiter.

Økonomisk berekraft handlar om å skape verdiar og vekst på ein ansvarleg måte. Det inneber å utvikle grøne og innovative løysingar, fremme grøn teknologi og skape arbeidsplassar som ivaretar menneske og miljø. Og det handlar om å ikkje bruke opp alle ressursane – og pengane - for generasjonar som kjem etter oss.

Det er behov for å realitetsorientere oss sjølve, brukarar og innbyggarar; vi får ikkje til meir enn vi har midlar til. Desto viktigare blir det å nytte verkemidla våre rett – og det er der dei kan utløyse ressursar hos andre. Vi kjem lenger om vi kan kombinere våre verkemiddel med dei som finnst hos andre - i kommunar og stat, i privat og i frivillig sektor. Eg har trua på gode spleiselag!