Fylkesordførar Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng
Gode fylkesting. Eit år har godt sidan førre tale og vi er framleis i ei krevjande tid for fylkeskommunen, men er det lyspunkt der framme?
Av alle fylkeskommunane har vi framleis det :
- Dårlegaste driftsresultat
- Minste disposisjonsfondet
- Høgaste gjeldsgrad
Skal vi kome ut av denne situasjonen er vi avhengig av å i fellesskap gjere gode framtidsretta vedtak som ber seg økonomisk.
Kontroll på økonomien er avgjerande, men samtidig må vi og passe på at vi har med oss innbyggjarane og næringslivet, slik at vi kan halde posisjonen som det mest eksportintensive fylket i Noreg. Det er fylkestinget sitt ansvar å legge til rette for slike prosessar ilag med fylkeskommunedirektøren.
Samstundes er det Stortinget som legg føringane, vedtar lover- og finansierer fylkeskommunane. Fylkeskommunane kan ikkje skrive ut eigne skattar og er såleis prisgitt rammevilkåra Stortinget gir oss. I ei tid med stor kostnadsauke og ei heilt nødvendig styrking av forsvaret og NATO- kan vi ikkje rekne med den store hjelpa frå sentralt hald.
Sidan 2010 når Stortinget overførte fylkesvegane til fylkeskommunen har etterslepet auka til 17 mrd kroner. Det var i inneverande Stortingsperiode von om at det skulle endre seg, men nei. Vi klarar heller ikkje no å halde vegane, bruene og tunnelane på ein akseptabel standard på noko vis.
Fylkesvegferjene er i tillegg underfinansiert med 240 mill årleg, og nye miljøkrav aukar presset ytterlegare.
- Vi kan ikkje rekne med rentenedgang i 2025
- Vi kan ikkje rekne med auka løyvingar frå Stortinget
- Vi manglar el-kraft
-
Men:
- Vi har eit framoverlent næringsliv.
- Dyktige medarbeidarar i fylkeskommunen
- Solide universitet- og høgskular
- Topp resultat i VGS
- Vi har resursane
1.Samferdsel
Samferdsel sine netto driftsutgifter knytt til tenestekjøp står no for 62 prosent av Møre og Romsdal fylkeskommune sitt samla budsjett. Den kommunale deflatoren som vert nytta til å regulere fylkeskommunen sine rammetilskot, er driven av utviklinga i sysselsetting, lønnsvekst og pensjonskostnader, og ikkje den prisutviklinga som i mange år har sett preg på indeksane knytt til tenesteinnkjøpa. Dette leia i fjor til eit meirforbuk på 30,4mill.kroner knytt til indeks på samferdsel. Prognose for 2025 viser eit meirforbruk på om lag 22mill.kroner.
Riksvegferjene får i motsetnad all prisregulering finansiert direkte gjennom tilskotet frå departementet. Når vi i dag skal behandle 1.tertialrapporteringa, så må vi ta stilling til korleis slike meirforbruk skal bli finansiert: er det disposisjonsfondet, der strategi og rammer for økonomiplan tilrår skal bli auka, og ikkje redusert, som skal ta det? Eller skal vi endre tenesteproduksjonen vår og unngå at meirforbruket vert så stort? Vi når miljøkrava, men prisen er då dårlegare tilbod og auka prisar. I gjeldande økonomiplan vart det presentert tiltak knytt til fylkesvegferjedrifta, der foreløpige estimat viser at om desse vert gjennomført no, så kan store delar av dette meirforbruket bli unngått i 2025.
Investeringsprogram for fylkesveg i ei tid med trongare økonomi: Ta vare på det vegnettet vi har
Behovet for opprusting og fornying av eksisterande samferdselsinfrastruktur aukar. Fylkesvegane i Møre og Romsdal åleine har eit vedlikehaldsetterslep på nær 17 mrd. 2023-kroner. Og då er ikkje kostnader knytt til å rette opp manglande generell vegstandard tatt med, som t.d. utretting av kurver og breiddeutviding. Det reelle behovet er dermed langt høgare enn det berekna etterslepet. Samstundes er tilgjengelege økonomiske rammer for å gjennomføre tiltak blitt redusert, og prisveksten er høg. Det betyr at gapet mellom kva vi treng å gjere og kva vi faktisk får gjort, blir stadig større.
Som ein ansvarleg vegeigar må vi ta vare på vegnettet vi har. Fylkesvegnettet har viktige transportfunksjonar for persontransport og næringsliv, og legg grunnlaget for arbeidsplassar, verdiskaping og busetting. Fylkesvegane er også ein føresetnad for mange samfunnstenester. Både for nødetatar, generell beredskap og for det sivile og det militære forsvaret, er god framkome på fylkesvegane viktig. Den beste måten å tene trafikantane i Møre og Romsdal i tronge økonomiske tider, er å vedlikehalde det vi har, utbetre det vi kan og byggje nytt der vi må. Dette krev stramme prioriteringar.
Fylkestinget skal no vedta 10 åring investeringsprogram for fylkesvegar. Investeringsprogrammet er først og fremt ei prioriteringsliste og ikkje eit budsjett. Vedtatt økonomiplan 2025 – 2028 gir rammene for dei første åra, men situasjonen er likevel slik at dei økonomiske rammene ikkje strekk til for å møte heilt kritiske investeringsbehov i økonomiplan-perioda. Korleis avviket mellom vedtatt økonomiske rammer og nødvendige investeringar skal løysast, må ein kome tilbake til i samband med behandling av økonomiplan 2026-2029. Auka investeringar vil uansett gje høgare lånekostnader, som igjen vil redusere tilgjengelege midlar til ordinære drift- og vedlikehaldsoppgåver. Dette er ei stor utfordring og eit dilemma i økonomiplan-behandlinga.
Framlegget til investeringsprogrammet inneheld berre nødvendige MÅ-tiltak. Det er ikkje rom for å utvikle vegnettet med omsyn til m.a. vegbreidde, kryssutforming og kurvatur. Berre 1/3 av fylkesvegnettet er breitt nok til å ha midtlinje, noko som ikkje tilfredsstiller dagens behov og forventningar til eit vegnett med stor del tungtransport og spreidd bu- og arbeidsmarknad. Vi er også kjent med dei mange behova og ønska om gang- og sykkelvegar og andre tiltak for å utvikle vegnettet. Om ein prioriterer slike tiltak i dagens situasjon, vil dette gå direkte utover det som må vere første prioritet no; å ta vare på det vi har, for å sikre at vegane kan vere opne for trafikk.
Fylkeskommunen kjem til å måtte prioritere store summar til utbetring av eksisterande infrastruktur, særleg tunnelar og bruer, i mange år framover. Fylkesvegnettet har ein viktig funksjon i totalforsvaret, og fylkeskommunen har eit sjølvstendig ansvar for samfunnstryggleik og beredskap. Saman med kollaps eller skade på veg,grunna naturhendingar, kan behov knytt til beredskap påverke bruken av investeringsmidlar i åra som kjem.
Å ta vare på det vegnettet vi har er god samfunnsøkonomi:
- Det reduserer risikoen for ulykker = God trafikksikkerheit
- Å ta vare på det vi har gir mindre utslepp og mindre arealinngrep samanlikna med å bygge nytt = god klima- og miljøpolitikk
- Gir betre samfunnssikkerheit og beredskap (både for militær mobilitet i ein spent geopolitisk situasjon, for å handtere våtare og villare vêr som følge av klimaendringar)
- Gir naudsynt forutsigbarheit for næringslivet = meir konkurransedyktig næringsliv, arbeidsplassar i heile Norge, verdiskaping og eksportinntekter til Norge.
2. Kompetanse og næring
Den økonomiske og ikkje minst den demografiske situasjonen til Møre og Romsdal fylkeskommune krev at vi gjer ein grundig vurdering av korleis vi bør drifte den vidaregåande opplæringa framover. Vår vidaregåande opplæring er god, blant dei desidert beste i landet.
Elevframskrivingane viser at talet på elevar skal kraftig ned i åra fram mot 2040. Stadig færre elevar og ein trongare fylkeskommunal økonomi vil gjere det umogleg å drive den vidaregåande opplæringa slik vi gjer i dag. Dagens skolestruktur blir raskt utdatert og lite berekraftig, og dette kan gå utover både økonomien til fylkeskommunen og ikkje minst kvaliteten til den vidaregåande opplæringa på skolane våre.
For å sikre ei best mogleg omstilling er det avgjerande at vi greier ut og gjer tiltak i forkant av den største elevnedgangen som kjem. Det er noko ulik elevtalsutvikling i de fire «inntaksregionane»
Vi ser at det er vanskeleg allereie no med det bakteppet at vi har blitt 600-700 færre elevar enn i 2016. Det utfordrar de relativt låge grenseverdiane for å starte klasser og i mars var særs problematisk for mange kombinerte skolar i distrikta å starte studieførebuande klassar trass auka i søkjartala innan studieprogrammet. Sykkylven, Stranda, Haram, Rauma, Sunndal, Surnadal, Tingvoll og Hustadvika fekk alle store utfordingar knytt til dette.
Gjer ein ikkje noko vil det relativt raskt vere ei stor auke i tilbod som er for lågt søkte til å starte jamfør grenseverdiane og fylkestinget sitt mars-møte blir fort eit nedleggingsmøte framfor ei justering av elevplassar mellom skulane.
Høyringa avsluttast 1.sept. og endeleg sak byrjar på marsjen frå råd og utval til fylkestinget i desember for endeleg avgjerd.
Internasjonale aktivitetar
Det internasjonale arbeidet har fått meir merksemd i 2024 og 2025. Det er nødvendig, og vi ser og at innbyggjarane og har større fokus på dette området i ei krevjande tid internasjonalt. Eg vil trekke fram årsrapporten for internasjonalt arbeid som syner at Møre og Romsdal er den organisasjonen i Noreg som har fått mest Erasmus-midlar i 2024 på dei områda av programmet vi er engasjerte i. Heile ca 20 mill kroner. Noko som gjera at våre ungdomar får reise ut- og får besøk hit.
Skaparkraft
I 2024 har Skaparkraftprogrammet støtta ei rekkje utviklingsprosjekt som fremjar grøn omstilling og sirkulær økonomi. Prosjekta spenner over fleire bransjar som maritim, marin, tekstil, energi og industri.
Felles for prosjekta er at dei:
- Fremjar utvikling av sirkulære verdikjeder der ressursar blir utnytta maksimalt og avfall blir minimert.
- Støttar innovasjon innan fornybar energi, inkludert utvikling av småskala energianlegg og effektiv bruk av eigenprodusert kraft.
- Legg til rette for industriell symbiose, der ulike aktørar samarbeider for å skape meirverdi gjennom deling av ressursar, energi og biprodukt.
- Utviklar teknologi og løysingar som bidreg til redusert klimafotavtrykk, som karbonfangst og bruk av mikroalgar som fôringrediens.
- Styrkjer kompetansen i næringslivet gjennom samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og bedrifter
- Legg grunnlaget for auka berekraftig eksport gjennom utvikling av nye produkt, tenester og forretningsmodellar som møter internasjonale krav til miljø og berekraft.
Arbeidskraft
Behovet etter personar med yrkesfagleg utdanning er høgt, og at det er grunn til å tru at det vil halde seg høgt framover. Ein høg andel søkarar til yrkesfaglege utdanningsprogram i Møre og Romsdal står fram som riktig. Men vi må balansere dette, fordi vi også treng mange personar med høgare akademisk utdanning.
Behov for arbeidskraft innan helse- og omsorgssektoren vil vere høgt, og ein treng særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Vi må i samarbeid med KS, NHO, LO og NAV styrke arbeidet for at fleire skal inn i arbeidslivet. Klarar vi å få fleire til å stå i arbeid lenger og færre som fell utanfor arbeidslivet vil vi gi den enkelte ei kjensle av fellesskap og innaforskap, samtidig som vi klarar å lyse fleire oppgåver.
Skatt: Skatten på lokalt norsk eigarskap er sterkt konkurransevridande og råkar næringslivet i Møre og Romsdal ekstra sterkt. Vi er eit fylke som har med mange små-og mellomstore verksemder som er famillieeigde, eg vil difor engasjere meg i denne saka i tida som kjem.
3. Kultur
Møre og Romsdal skal vere god på regionbygging og samarbeid.
Fylkeskommunen har samarbeidsavtale om UNG kunst og kultur med 22 kommunar der målet er å auke tilbodet til kulturinteresserte barn og unge i kommunane. Eit auka kulturtilbod kan nettopp føre til bu-lyst og bli-lyst for målgruppa, og at dei trivst i lokalsamfunnet sitt. Samarbeidsavtalen fører i tillegg til styrka samarbeid internt i kommunane, auka medverknad med målgruppa og fleire møte mellom kunstnarar og barn og unge.
Meiningsbryting og aksept for mangfald av idear og livssyn er grunnleggande for eit berekraftig demokrati. Svekka lesedugleikar blant unge, digitalt utanforskap blant eldre og digitale flater som konkurrerer om merksemda vår, er faktorar som påverkar ytringsromma og ytringsevna til innbyggarar. Samarbeid mellom fylkeskommunen, stat, kommunar og private aktørar for å byggje trygge og inkluderande lokalsamfunn, er avgjerande for å sikre demokrati og ytringsfridom i urolege tider.
Beredskap handlar om meir enn å vere førebudd på krise og krig. Det handlar òg om korleis vi handterer truslar mot vår felles kulturarv, identitet og samfunnsdokumentasjon. Kulturarv er både mål, middel og motstandskraft, som Totalberedskapsmeldinga trekk fram. Frivillige aktørar, bibliotek, arkiv, museum og andre kulturinstitusjonar er sentrale for å bygge og sikre vår felles kulturelle identitet og motstandskraft.
Høg prisvekst generelt og særleg i kultursektoren krev meir samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
Frivilligheit + profesjonelle = sant. Dei største profesjonelle kulturinstitusjonane våre med statleg finansieringsnøkkel er dei tre regionmusea, Teatret vårt og Operaen i Kristiansund. Desse institusjonane har ikkje hatt moglegheit til å ha den produksjonen dei har utan eit strekt lag av frivillige. Samstundes vil ein som frivillig på desse institusjonane og få jobbe saman med profesjonelle, om det er historikarar, konservatorar, regissørar, handverkarar, musikarar eller dirigentar.
Kulturarven er viktig for folk i Møre og Romsdal. Vi bruker mange timar og pengar som eigarar og frivillige på å ta vare på det som er viktig for oss, og det offentlege legg til rette for at alle kan ta ansvar for sine kulturmiljø og si historie. Dette har vi mange gode eksempel på. Vestnes er ein kommune med lange tradisjonar for båtbygging. No held dei på å sette i stand galeasen Søblomsten. Og på Hareid i nærleiken av der slaget ved Hjørungavåg sto, har dei nettopp opna Hoðr Hjørungavåg Vikingsete. Dette har ikkje vore mogleg utan eit slikt privat og offentleg samarbeid.
Vi har eit ansvar for å ta vare på kulturminna i lag med kommunane og frivillige. I dette arbeidet spør vi oss kva skal vi ta vare på? Kva er verdifullt for oss? Kva må vi gjere for å få det til? Og i lag med kven? Kommunane er i førarsetet i dette arbeidet lokalt, som dei som er nærmast folk og kulturminne, og som plan- og byggesaksmynde. Samstundes rapporterer KS at kommunane spesielt etterspør fylkeskommunane sin kulturmiljøkompetanse. Fylkeskommunen set no i gang med å støtte kommunane i prosessen med å velje ut og vedta nye kulturmiljøplanar med tiltak. Riksantikvaren har tildelt 1 million til Møre og Romsdal fylkeskommune og seks kommunar i fylket til dette arbeidet.
Møre og Romsdal har ei rik kulturhistorie i eit landskap som strekk seg frå høgfjell til havet. Det er eit mål at vi saman skal ta vare på eit mangfald av historia vår. Dei nye nasjonale bevaringsstrategiane har prioritert utvalde tema som det har vore lite fokus på tidlegare. Eit av dei er kystkultur, eit anna er næringar og industri sine kulturmiljø. Begge desse tema er særleg relevante for Møre og Romsdal, og fylkeskommunen som samfunnsutviklar kan bidra til å kople aktørar og samordne innsatsen.
Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og inkluderande fylke der folk vel å bu
Vi må lage gode og føreseielege vilkår for frivillig sektor i fylket, og nytte vår rolle som samfunnsutviklar til å rettleie frivillig sektor innanfor område som klima og miljø og sosial berekraft. Det må vere enkelt for frivillige organisasjonar å ta imot dei som ikkje har moglegheit til å betale for seg, eller har andre utfordringar med deltaking.
Vi må alltid jobbe med å forenkle, og jobbe med system som gjer det lettare for frivillig sektor og nytte seg av fylkeskommunale verkemidlar, samstundes som ein må ha gode system for kontroll. Vi har gjort ein stor gjennomgang av tilskotsportefølja og tilskotsforvaltninga på kultur. Tilbakemeldingar frå søkarane er at dette har bidrege til ei stor forenkling.
Vi har akkurat fått overlevert ein rapport frå Telemarkforskning etter ein stor frivilligundersøkelse som gir oss ein god oversikt over mangfaldet av frivilligheit i fylket. Samstundes gir rapporten oss fleire gode råd om korleis vi kan samarbeid betre mellom kommune, fylkeskommune og frivillig sektor.
I år markerer vi Friluftslivets år. Samtidig aukar presset på naturressursane, urørt natur og kulturmiljø, både på land og i sjø. Markeringa av friluftslivets år skal inspirere folk til å utforske og ta vare på naturen, fremme fysisk og psykisk helse, og styrker fellesskapet gjennom friluftslivsaktivitetar. I løpet av året blir friluftslivets år markert med eit breitt spekter av aktivitetar og arrangement over heile Møre og Romsdal
Samfunnsoppdraget vårt for barn og unge er viktig, her har kulturavdelinga fleire program og tiltak som retta seg mot førebygge at barn og unge skal hamne utanfor og jamne ut sosial ulikskap.
I fylkeskommunen arrangerer vi kvart år fylkesfestival i UKM (ung kultur møtest) der målet er at ungdom frå heile fylket skal kunne samlast på ein sosial arena der ungdommane får nye vener og opplever trivsel og fellesskap. I år er fylkesfestivalen i Hareid kommune og der skal ungdommane sove i telt innandørs, få oppleve fleire spennande workshops, vise seg fram på og bak scena og vere med på friluftsaktivitetar saman.
Det finst folkebibliotek i alle kommunar, skolebibliotek i dei fleste grunnskolar og vidaregåande skolar, og fagbibliotek ved universiteta, høgskolane og musea. Bibliotekfeltet i fylket gjer informasjons tilgjengeleg for innbyggarar i alle aldrar og livsfasar, og fungerer ofte som viktige møteplassar i lokalsamfunn, skole og studenttilværa. Fylkeskommunen har ansvar for å drive regional bibliotekbibliotekutvikling, og styrkar biblioteka si realisering av samfunnsoppdraget.
Møre og Romsdal tildeler rekordhøge 140 millionar kroner til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i 2025. Ventetida på å få spelemidlar er lågare enn på mange år, om ikkje rekordlåg.
Kulturarven og dei fysiske minna er viktige for å oppretthalde fylke sin identitet og historie. Den er ein ressurs som gir oss fortrinn i utvikling av gode stadar, stadar med ei historie, der folk trivast, vil bu og besøke. Rekruttering av fagfolk til fylket blir ei krevjande utfordring i framtida. Eit fylke med ein sterk identitet, som stolt tek vare på mangfaldet i historia og gir tilflyttar ein moglegheit til bli ein del av ho, gjer oss meir attraktive.