Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm og rådgivar Paul Magne Eidhammar håpar at fylkesstatistikken blir eit nyttig verktøy for kommunar, næringsliv og andre samfunssaktørar
Jan Ragnvald Eide
Publikasjonen blir utarbeidd kvart år av fylkeskommunen i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Det er viktig med denne oppdaterte statistikken, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.
- I dei komande tiåra vil befolkningssamansetninga endre seg mykje. Fleire eldre og færre unge vil påverke tenesteproduksjonen og samfunnsoppgåvene. Statistikken gir ei oppdatert oversikt over utviklingstrekk i fylket og dekker tema som er viktig for framtidig planlegging og samfunnsutvikling.
Statistikken finn du på denne nettsida.
Presenterte funn på webinar
Opptak av webinaret finn du her
Nokre punkt i årets statistikk viser:
- Buforhold: Færre bur trongt i Møre og Romsdal samanlikna med resten av landet – 7 % i fylket mot 9,7 % nasjonalt.
- Verdiskaping: Møre og Romsdal hadde den høgste veksten i verdiskaping frå 2020 til 2021 på landsbasis.
- Skadedata ver og natur: Storm og vassinntrenging utgjer dei største skadepostane, og prognosane viser at det vil bli meir nedbør, flaum og skred i framtida.
- Personleg økonomi: Betydeleg forskjell mellom kjønna i eigarskap av aksjar, der 22,4 % av mennene og berre 9,7 % av kvinnene eig aksjar.
- Kompetanseindikatorar: Møre og Romsdal ligg høgt på fleire område, mellom anna i andel av befolkninga med fagskoleutdanning og formidling av lærekontraktar.
Spørsmål om fylkesstatistikken
Vi håpar statistikken vil vere eit nyttig verktøy for alle som er involverte i eller interesserte i samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal.
Har du spørsmål eller kommentarar, ta gjerne kontakt med oss på statistikk@mrfylke.no