Fylkesstatistikken 2025: Kraftig vekst i talet på eldre framover

I dag tysdag blir Fylkesstatistikken 2025 offentleggjort. Blant fleire tema du kan lese om, er alderssamansettinga i Møre og Romsdal fram mot 2040. Talet på personar over 80 år vil auke med heile 72 prosent. 

Samtidig går talet på barn og unge (0–19 år) ned med 7,9 prosent i same periode.

Utviklinga gir ei tydeleg forskyving i befolkninga mot dei eldre aldersgruppene. I 2025 var det 15.066 personar over 80 år, medan det var 61.292 barn og unge. I 2040 vil det vere 25.916 eldre over 80 år, og berre 56.439 barn og unge. Gapet mellom dei yngste og dei eldste minkar, og det gir store konsekvensar for kommunane og fylkeskommunen si planlegging.

Størst auke i Gjemnes

Gjemnes kommune får den største prosentvise veksten i talet eldre over 80 år med 107,1 prosent. Vestnes, Sula og Averøy følgjer tett etter med vekst på over 90 prosent. Dette vil føre til eit betydeleg press på helse- og omsorgstenestene, som allereie slit med rekruttering av personell.

– I mange kommunar er det allereie ei stor utfording å rekruttere nok helsepersonell. Den store auken i talet eldre, og samstundes ein nedgang i talet personar i yrkesaktiv alder, gjer denne rekrutteringsutfordringa endå meir krevjande i åra framover, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm. 

Krevjande også for fylkeskommunen

Også for fylkeskommunen er den demografiske endringa krevjande:

– Vi ser at også vi må sjå på sjå på korleis vi skal innrette våre tenester og tilbod. Fylkeskommunen er no midt i ein prosess der ein skal sjå på korleis vi skal innrette det vidaregåande skoletilbodet i fylket for å møte desse utfordring, seier Bekken Sjåholm. Fylkestinget skal i desember behandle saka om ny skole- og tilbodsstruktur.

Samtidig som talet eldre aukar, går talet på personar i yrkesaktiv alder (20–64 år) ned frå 152.461 i 2025 til 148.659 i 2040. Dette svekkar forholdet mellom dei som treng omsorg og dei som kan yte tenester. I 2010 var det 3,54 yrkesaktive per eldre over 65 år, medan det i 2040 berre vil vere 2,01.

Speglar ein nasjonal trend

Utviklinga i Møre og Romsdal speglar ein nasjonal trend, men med særleg høg vekst i enkelte kommunar. Tala frå Fylkesstatistikken 2025 gir eit klart varsel om at kommunane må styrke helse- og omsorgstenestene og planlegge for ei aldrande befolkning.

Les meir om befolkningsutviklinga, og ei lang rekke andre tema, i årets utgåve av fylkesstatistikken.