På eine sida av kakebordet dei tre som har kjempa for politisk gjennomslag for Stad skipstunnel. Frå venstre Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar i Sunnmøre regionråd, Britt Giske Andersen, seniorrådgivar i Maritimt Forum Nordvest og Tommy Sperre, prosjektleiar i Næringsforeningen Ålesundsregionen. På andre sida fylkesordførar Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng
Han hadde også sørga for at nokre av dei som har stått i bresjen for å få politisk gjennomslag var til stades på Scandic Parken i Ålesund. Med dei andre fylkestingspolitikarane rundt seg serverte han kake til Britt Giske Andersen, seniorrådgivar i Maritimt Forum Nordvest, Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar i Sunnmøre regionråd og Tommy Sperre, prosjektleiar i Næringsforeningen Ålesundsregionen. Riise takka dei for innsatsen.
– Ååh, eg blir heilt rørt, sa Britt Giske Andersen over rosen frå fylkesordføraren, og ga uttrykk for at det var kjekt å bli gjort stas på av fylkestinget.
Så sprette han den store kaka med ein illustrasjon av Kystruta på veg ut av Stad skipstunnel og serverte dei tre.