Situasjonen i Helse Møre og Romsdal er så alvorleg at vi ikkje lenger kan omtale dette som ordinær omstilling. Det som no blir vurdert er ei økonomisk styrt nedbygging av helsetilbodet i fylket.
Fylkestinget i Møre og Romsdal ber Helse Midt-Norge (HMN) og helseministeren om å ta reelt ansvar for den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal (HMR) og dei følgjene den har for spesialisthelsetilbodet i fylket.
Ein står no ved eit vegskilje for eit heilt fylke sin rett til trygge, forsvarlege og likeverdige spesialisthelsetenester.
Viss HMN og helseministeren framleis meiner at dette kan handterast innanfor dagens rammer, må dei òg svare på kva ord som forsvarlegheit og likeverd betyr i praksis. For oss som bur i fylket betyr dette heilt konkrete ting: Kor langt er det til hjelp når det hastar?
Finst fagmiljøa der når du treng dei? Har sjukehusa kapasitet til å ta imot deg? Blir oppgåvene flytta til kommunane utan at kommunane har ressursar til å bere dei?
Dette er ikkje abstrakte taløvingar eller strukturspørsmål. Konkrete kutt har konkrete konsekvensar.
Den førebelse hjelpa frå Helse Midt-Norge er ikkje ei løysing
HMN har vedteke å gi HMR 275 millionar kroner over fem år. Det er positivt at HMN erkjenner at føretaket treng særskilt støtte.
Men dette er nettopp det, ei erkjenning - ikkje ei reell løysing.
Støtta endrar ikkje dei grunnleggande økonomiske rammevilkåra. Ho fjernar ikkje kravet om umiddelbare og irreversible grep. Fylkestinget i Møre og Romsdal meiner difor at HMN må kome tilbake med ei vesentleg sterkare støtte før irreversible kutt blir sette i verk.
Dette er ikkje ei sjølvforskyldt lokal krise
HMR har ikkje hamna i denne situasjonen fordi sjukehusa i fylket driv uforsvarleg eller ineffektivt. Tvert imot er det peika på at sjukehusa i fylket allereie driv effektivt.
Problemet er at føretaket over tid har fått ei økonomisk belastning det ikkje har hatt rammer til å bere. Store investeringar, auka lånekostnader, avskrivingar, IKT-kostnader og regionale fordelingsmekanismar har samla sett pressa HMR i ein økonomisk situasjon der kutt i pasienttilbodet no blir framstilt som einaste realistiske vegen.
Eit konkret døme på påtvungne tiltak er innparingsforslaga i dei prehospitale tenestene. Dei tre regionråda i fylket har nyleg peika på at HMR ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gjennomføre fleire av dei føreslåtte tiltaka. Vi har åtvara mot at redusert kapasitet kan svekkje den samla akuttmedisinske beredskapen i eit fylke prega av lange avstandar, øysamfunn, fjordkryssingar og krevjande vêrforhold.
Når ein ser på dei samla potensielle konsekvensane av dei omfattande kutta som no blir vurderte i andre delar av spesialisthelsetenesta, aukar risikoen ytterlegare.
Dersom HMN meiner at HMR skal gjennomføre irreversible kutt i fagmiljø, kapasitet og beredskap, samstundes som fordelingsmodellen og rammevilkåra blir utfordra frå stadig fleire hald, bør det først dokumenterast at problemet faktisk ligg i HMR si drift – og ikkje i rammene føretaket er gitt.
Når økonomiske rammer over tid fører til svekka fagmiljø, dårlegare rekruttering, større pasientstraumar ut av fylket og meir sentralisering, er ikkje dette berre eit lokalt driftsproblem. Då er det eit regionalt og nasjonalt styringsproblem.
HMR treng tid, handlingsrom og sterkare økonomisk støtte for å gjennomføre
nødvendige endringar på ein fagleg forsvarleg måte. Å byggje opp rett kompetanse,
rekruttere til kritiske fagområde og tilpasse tenestetilbodet tek tid. Dagens økonomiske rammer gir ikkje rom for dette.
Kommunane kan ikkje bere konsekvensane åleine
Kommunane i fylket har over fleire år sett konsekvensane av presset i spesialisthelsetenesta.
Dette skjer oftast utan kommunal involvering og utan politisk avklaring, økonomisk kompensasjon eller tilstrekkelege faglege ressursar til å ta over desse oppgåvene.
Dersom HMR blir pressa til å byggje ned kapasitet og fagmiljø, vil det svekke heile den samla helsetenesta i fylket.
Det som blir spart i spesialisthelsetenesta, er ikkje behov som forsvinn. Rekninga hamner i staden hos kommunane, fastlegane, familiane og pasientane.
Dette handlar om overordna ansvar, ikkje detaljstyring
Fylkestinget i Møre og Romsdal ber ikkje HMN eller helseministeren om å detaljstyre føretaket.
Men det er ikkje detaljstyring å sikre at føretaket har rammar som sikrar innbyggarane i Møre og Romsdal eit likeverdig spesialisthelsetenestetilbod. Det er ikkje detaljstyring å stille krav om at økonomiske omstillingar ikkje skal føre til uforsvarleg svekking av beredskap, pasienttryggleik og nødvendige sjukehusfunksjonar. Det er ikkje detaljstyring å krevje at HMN tek ansvar når det blir reist alvorlege spørsmål om dagens finansieringsmekanismar og om fordelingsmodellen gir HMR tilstrekkelege rammer til å løyse oppdraget sitt.
Dette er eigarstyring og det er eit ansvar som ligg til dei som er gitt tilliten.
Fylkestinget i Møre og Romsdal forventar at styremøtet i Ålesund 18. juni ikkje blir eit møte der HMN berre forklarer kvifor situasjonen er vanskeleg, men eit møte der HMN viser at det regionale helseføretaket faktisk tek ansvar for heile regionen. Det må innebere:
- Ei vesentleg sterkare økonomisk støtte til HMR enn det som ligg i dagens plan.
- At ein større del av støtta kjem så tidleg som mogleg i 2026, slik at ein kan hindre irreversible kutt i pasienttilbod, beredskap og fagmiljø.
- At krav til omstilling blir sett på på nytt, slik at dei står i forhold til befolkningsgrunnlag, geografi, beredskap, aktivitet og reell gjennomføringsevne.
- At nødvendige funksjonar ikkje blir bygde ned før konsekvensane for pasienttilbod, kommunar, rekruttering og beredskap er fullt utgreidd.
- At Helseplattformen, IKT-kostnader, renter, avskrivingar og investeringsbelastning blir handterte på ein måte som ikkje pressar fram kutt i pasienttilbodet.
- At den varsla revisjonen av inntektsfordelingsmodellen og dei økonomiske mekanismane i HMN legg særleg vekt på om modellen sikrar likeverdige helsetenester i heile regionen.
Fylkestinget i Møre og Romsdal ber helseministeren om å ta eit direkte ansvar for å følgje opp at dette skjer.
No må nokon ta ansvar før skaden blir varig
Når fagmiljø først blir bygde ned, er dei vanskelege å byggje opp att. Når rekrutteringa først sviktar, tek det år å reparere. Når pasientstraumar først blir flytta ut av fylket, blir økonomien og fagmiljøa endå meir svekte. Ingenting av dette kan reparerast med eit nytt styrevedtak året etter.
Det er dette vi meiner når vi åtvarar mot irreversible kutt.
Innbyggarane i Møre og Romsdal har krav på eit sjukehustilbod som er trygt, forsvarleg og likeverdig med resten av landet. Dersom HMN meiner dette vil vere tilfelle gjennom dei kutta som no ligg på bordet, må det regionale helseføretaket dokumentere dette.
Dersom ikkje, må styret i HMN handle før skadane blir irreversible.
På vegner av innbyggarane i Møre og Romsdal krev vi løysingar som sikrar likeverdige helsetenester i praksis – ikkje berre formuleringar om likeverd.
Fylkestinget forventar at spesialisthelsetenesta generelt og Helse Møre og Romsdal spesielt, presenterer fakta og røynda på ein balansert måte i saksframstillingane. Fylkestinget syner spesielt til omtalen av dialyseavdelinga ved Volda sjukehus i saksdokument til styremøte i Helse Møre og Romsdal 17.06.2026, der det heiter: “Dialysetilbudet ved Volda sjukehus har over tid hatt et lavt og variabelt pasientgunnlag”.
Det som ikkje går fram av sakspapira er at dialysen har vore ute av drift store delar av 2025. Når eit viktig tilbod for beredskapen ikkje fungerer vil det ikkje vere noko bruk heller. Denne framstillinga i saksdokumenta og eventuelle andre feil framstillingar av røynda må rettast opp.