Fylkesutvalet ber om styrking av statsbudsjettet på fleire område

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har einstemmig vedteke ein uttale til regjeringa om statsbudsjettet for 2026. Uttalen peikar på store utfordringar innan ferjefinansiering, vedlikehald av fylkesvegnettet, tunnelsikkerheit, skredsikring og norskopplæring for minoritetsspråklege. 
 

Fylkesutvalet 27.10.25. - Klikk for stort bileteFylkesutvalet 27.10.25. Synnøve Margrethe Haga

I uttalen understrekar fylkesutvalet at underfinansiering av ferjedrifta er den største økonomiske utfordringa for fylkeskommunen. Det blir også peika på behovet for ein forpliktande plan for nullutslepp i ferjedrifta, styrking av ramma til fylkesveg, kompensasjon for tunnelsikkerheitsforskrifta og auka midlar til skredsikring.

Vidare ber fylkesutvalet om at staten kompenserer fylkeskommunane for kostnader knytt til grunnleggande norskopplæring for nyleg komne minoritetsspråklege, og uttrykker sterk skuffelse over at Stad skipstunnel er vraka frå planane for nasjonal transportinfrastruktur.

I tillegg til den felles uttalen vedtok fylkesutvalet ti tilleggsuttalar som blir sendt til dei aktuelle komiteane og representantar på Stortinget. Desse handlar om følgande tema:

•    Runde miljøsenter må tilbake på statsbudsjettet
•    Reversere kutt til Norsk senter for økologisk landbruk
•    Nytt fengsel i Ålesund
•    Felles tillegg samferdsel
•    Helseføretak og sjukehusøkonomi
•    Dramatiske kutt for høgskulane i Møre og Romsdal
•    Kommuneøkonomi
•    Landbruk
•    Nasjonal kultursatsing

Heile uttalen og tilleggsuttalane ligg i protokollen frå møte.

Her er uttalen frå fylkesutvalet: 

Ferjefinansiering

Underfinansiering i ferjedrifta er Møre og Romsdal fylkeskommune sin største økonomiske utfordring.

Møre og Romsdal fylkeskommune har over fleire år, og i fleire høve, orientert om at ferjedrifta er kraftig underfinansiert. Per 2.tertial 2025 er underfinansieringa av fylkesveg-ferjedrifta estimert til 140 mill. kroner, som er ei forbetring frå 2024. Dette kjem frå styrkinga i fylkeskommunen sine rammetilskot og satsing på ferjer i revidert statsbudsjett for 2025.

Møre og Romsdal er eit av dei største eksportfylka i landet, med dominerande næringar som maritim sektor, sjømat og offshore leverandørindustri. Det heilt avgjerande med eit tilgjengeleg og framkommeleg vegnett for å oppretthalde konkurransekrafta, uavhengig av om vegnettet er statleg eller fylkeskommunalt. Ferjetenester er ein berebjelke for produktiviteten i desse næringane.

Underfinansiering i ferjedrifta betyr at andre ansvarsområde i fylkeskommunen må vere med på å finansiere ferjetilbodet som er nødvendig for innbyggarar og næringsliv, alternativt må vi kutte i ferjetilbodet eller bruke av fond for å finansiere drifta. Medan riksvegferjene i 2026 får 190 mill. kroner i rammetilskot per samband, så får fylkesvegferjene i Møre og Romsdal 40 mill. kroner per samband.

Tilskott knytt til innføring av krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester

Møre og Romsdal fylkeskommune er glad for at tilskott knytt til innføring av krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester er auka, men auken er for låg. Fylkeskommunen har innført miljøteknologi på 10 av 20 samband, og det er dei mest kostnads- og teknologikrevjande sambanda som står igjen.  Frå hausten 2024 er alle dei 16 hybridelektriske ferjene i drift, og etter noko innkøyring og oppstart, har vi ei forventning til at elektrifiseringsgraden for desse vil vere mellom 60 til opp under 95 prosent.  Det å ta ut dei siste prosentane vil vere kostnadskrevjande. Dette må eit nytt nivå på tabell C-midlane spegle. Kompensasjonen til fylkeskommunane for krav om nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester er auka frå 50 mill. kroner i 2025 til 132 mill. kroner i 2026. Det er positivt at beløpet er auka, men det er ikkje nok til å dekke auken i kostnader framover.

Møre og Romsdal fylkeskommunen føreset at det blir publisert ein forpliktande plan for tilskotsordninga knytt til kravet om null- og lågutslepp i båt- og ferjedrifta, og denne må som minimum vere tiårig på grunn av den lange planleggingshorisonten i båt- og ferjeanbod.

Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal 

Størrelsen på midlane til fylkesveg står ikkje i forhold til behovet og heller ikkje til den gjennomgåande ambisjonen i Nasjonal transportplan (NTP) om å ta vare på det vi har.  

I NTP 2025-36 vart viktigheita av fylkesvegane tillagt større vekt og det vart sagt at tilskottet til fylkesvegane skulle doblast samanlikna med 2024.    

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at styrkinga til fylkeskommunane er altfor lav. I statsbudsjettet for 2025 vart rammetilskotet styrka med 300 mill. kroner knytt til opprusting og fornying av fylkesvegnettet. Av det beløpet fekk Møre og Romsdal fylkeskommune 30 mill. kroner. I statsbudsjettet for 2026 er midlane prisjustert i høve deflator.

Ramma til opprusting og fornying av fylkesvegnettet må styrkast betydeleg, slik at fylkeskommunane har moglegheit til først å stoppe auken og etter dette ta igjen vedlikehaldsetterslepet. Berre i Møre og Romsdal er etterslepet utrekna til 17 mrd. kroner, og vil berre auke med dei overføringane vi får. Klimaendringar gir meir ekstremvær som hyppigare enn før medfører uføresette kostnader på fylkesveg.

Møre og Romsdal fylkeskommune held fast ved vårt innspel til NTP om at løyvingane til fylkesveg blir styrka med minimum fem mrd. kroner årleg, i tillegg til tunnel- og rassikringsmidlar fram til vedlikehaldsetterslepet er retta opp.  

Kompensasjon for tiltak etter tunnelsikkerheitsforskrifta 

I framlegg til statsbudsjett for 2026 er kompensasjon for tiltak etter tunnelsikkerheitsforskrifta berre justert med kommunal deflator.

Dagens nivå på kompensasjonen vil ikkje vere tilstrekkeleg til å dekke kostnadene knytt til å oppfylle krava i forskrifta, verken innanfor NTP planperioden 2022-2033 eller dersom kompensasjonen blir vidareført til ytterlegare utvida frist til og med 2042. Med tanke på at det er stor usikkerheit knytt til omfang av nødvendige tiltak for å innfri krava i TSFF, og dermed også kostnadsanslaga, vil det vere heilt nødvendig å gjere fortløpande vurderingar av nivået på kompensasjonen.

I Møre og Romsdal er det 62 fylkesvegtunnelar. 33 av tunnelane er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta for fylkesveg (TSFF). Av desse er 4 oppgraderte og 4 er nybygde i tråd med krava i forskifta. Heile 25 tunnelar står att å utbetre for å oppfylle forskriftskrava. Formålet med TSFF er først og fremt å sikre lågaste tillate sikkerheitsnivå for trafikantar i tunnelar ved krav til å forebygge kritiske hendingar. Krava er primært retta mot å avgrense konsekvensar av storbrann i tunnelar. Det er i tillegg store behov for oppgradering av nesten alle fylkesvegtunnelane uavhengig av krava i TSFF. Tunnelane har på same måte som andre veg-element på fylkesvegane, eit stort vedlikehaldsetterslep.

Kostnadene med full oppgradering av tunnelane, med dagens krav, er så store, at det vil ta mange tiår å finansiere dette utbetringsarbeidet. Oppgraderinga av dei lengre tunnelane kostar så mykje at det heller ikkje er mogleg å gjennomføre utbetringsarbeidet for ein einskild tunnel innanfor dei økonomiske rammene dei neste åra. Møre og Romsdal fylkeskommune har grunna stor tunnelmasse søkt om ytterlegare fristforlenging til 1. januar 2043.

Ramma til tunnelsikring må aukast slik at tiltak etter tunnelsikkerheitsforskrifta kan gjennomførast i eit raskare tempo enn kompenasjonsnivå i dag tillét. Eventuelt må krava til tunnelsikkerheit reduserast slik at det vert samsvar mellom krav og tilgjengeleg ramme.

Ras- og skredsikring

Møre og Romsdal fylkeskommune fekk tildelt totalt 615 mill. kroner i “Tilskuddsprogram for skredsikring fylkesveg 2018 – 2023”. 200 mill. kroner av skredsikringspotten var sett av til å dekke delar av underskottet på det allereie gjennomførte skredsikringsprosjektet Røyr – Hellesylt. Dei resterande 415 mill. kronene var sett av til å sikre det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesveg i Møre og Romsdal, fv. 63 Korsmyra – Indreeide. Prosjektet vart starta opp i 2018 og var ferdig i 2024. Fråtrekt mva., har prosjektet eit samla finansieringsbehov på om lag 822 mill. kroner (løpande), og tildelte statlege midlar er på om lag 709 mill. kroner (løpande) t.o.m. 2025. Det betyr at prosjektet framleis ikkje er fullfinansiert med statlege overføringar, og det står att om lag 113 mill. kroner før prosjektet er fullfinansiert med statleg tilskot og kompensasjon for meirverdiavgift. Fylkestinget har vedtatt å ikkje starte nye store skredsikringsprosjekt før Korsmyra – Indreeide er fullfinansiert.

Behovet for ras- og skredsikring av fylkesvegane i Møre og Romsdal er stort, og klimaendringar gir meir ekstremvær og auka skredfare. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at ramma til dette formålet blir auka og ikkje berre korrigert med kommunal deflator.

Grunnleggande norskopplæring for nyleg komne minoritetsspråklege 

Auka tal på flyktningar medfører auka kostnadar for fylkeskommunen i den vidaregåande opplæringa, som vi ikkje får kompensert frå staten via inntektssystemet eller øyremerka midlar. Fylkeskommunen får førebels berre ordinært innbyggartilskot frå staten for flyktningane, men ikkje kompensasjon for ekstra utgifter.

Auka utgifter til innføringsklasser/grunnleggande norskopplæring var i 2023 på om lag 6 mill. kroner. Estimert behov i 2024 var på 15,5 mill. kroner, og i 2025 var behovet om lag det same, men vi avgrensa tilbodet til våren 2025. Det hadde ein kostnad på 11,7 mill. kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune har ein hardt pressa økonomi, og vi har m.a. redusert bemanning i vidaregåande skole med om lag 90 årsverk. Vi kan dermed ikkje lenger prioritere midlar til grunnleggande norskopplæring, då det vil kunne innebere eit svekka tilbod for elevane generelt i fylket. I tillegg har vi auka utgifter til særskilt språkopplæring, tolketeneste og tidleg karriererettleiing.

Det er ei sterk forventning frå kommunane om at fylkeskommunen skal ha eit tilbod med opptak gjennom heile året for nykomne flyktningar frå 16-18 år. Dei vil elles være utan tilbod heilt til dei kan starte i vidaregåande opplæring ved skolestart. For ein elev som kjem til landet i september, kan det i verste fall bety at han står utan tilbod til august neste år.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er urimeleg at fylkeskommunane ikkje skal få midlar frå staten i det heile til å finansiere norskopplæring til flyktningar som kjem til Norge. Etter dialog med kunnskapsdepartementet våren 2025 vart det avklart at ubrukte midlar til kvalifisering og formidling til læreplassar også kan finansiere innføringsklasser og kombinasjonstilbod. Medan ein del av dei andre fylkeskommunane per 31.12.24 hadde betydelege unytta midlar tilgjengeleg, var Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje ein av dei. Vi hadde berre 7 mill. kroner som stod ubrukt, og langt frå nok til å dekke behovet.

Mange ungdommar har svært kort bu-tid og det stiller store krav til skolane, både når det gjeld ekstra behov for lærarressursar med kompetanse innan grunnleggande norskopplæring, og i elevtenestene ved skolane pga. traume og behov for støttetiltak hos elevane som kjem. Det pressar kostnadsnivået i den vidaregåande skolen som følgje av behov for å styrke bemanninga.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er urimeleg at fylkeskommunane ikkje skal få dekka auka kostnader til norskopplæring til nyleg komne minoritetsspråklege, og ber om rammetilskotet blir styrka til dette formålet.

Stad skipstunnel 

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok følgande uttale om Stad skipstunnel på fylkestinget 14. oktober 2025:

Skuffa over vraking av Stad skipstunnel

Møre og Romsdal fylkeskommune uttrykker sterk skuffelse over at Stad skipstunnel ikkje lenger er med i planar for utvikling av nasjonal transportinfrastruktur. Stad skipstunnel har vore eit viktig prosjekt for tryggleik, beredskap og effektiv sjøtransport langs kysten, og har stor støtte både lokalt og regionalt.

Fylkeskommunen vurderer Stad skipstunnel som eit strategisk viktig tiltak for å styrke sjøtransporten og redusere risikoen for ulykker ved Stadhavet - eit av dei mest vêrharde områda langs norskekysten. Fylkeskommunen har tidlegare støtta opp om prosjektet i både Vestlandsråd og gitt prosjektstøtte. Stad skipstunnel var også prioritert på topp av fylkestinget i høyring av Nasjonal transportplan 2025-2036 for prosjekt som skal bidra til overføring av gods frå veg til sjø og bane (T 52/23).

Dersom regjeringa vel å vrake Stad skipstunnel, vil vi minne om at Møre og Romsdal fylke utgjer om lag 5% av folketalet i Noreg, står for om lag 11% av fastlandseksporten men fekk berre 0.6% av midlane som var føreslått i NTP for 2025-2036. Tek ein vekk også dette prosjektet står ein tilnærma ribba for infrastruktur i denne landsdelen. Det burde bekymre fleire enn berre næringsliv- og innbyggjarar i Møre og Romsdal.

Regjeringa legg seg på ein unormal praksis ved å avslutte arbeidet no. Ein bør fullføre forhandlingane med tilbydarane og sjå på kostnadsreduserande tiltak slik ein får den endelege prisen. Det er og verdt å merke seg at i motsetnad til jernbaneprosjekt må Stad skipstunnel betale mva til staten på 25%. Så den reelle kostnaden på prosjektet vil kome på under 7 mrd. kroner.

Ein vil og vise til det omfattande arbeidet som er gjort på plansida i kommunane Stad og Vanylven, der ein har funne gode ordningar for bruk av tunnelmassar som vil skape nye næringar og aktivitet.

Fylkestinget ber om at regjeringa vurderer skrinlegginga av prosjektet på nytt, og ein ber om at det vert sett i gang vidare forhandlingane med tilbydarane for å sjå om det er mogeleg å redusere kostnadane og kome fram til ein endeleg pris som Stortinget kan ta stilling til.