Uttalen blir send til Rovviltnemnda region 6.
Uttalen:
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil gi innspel til revisjonen av forvaltningsplan for rovvilt i region 6 Midt-Norge.
1. Forvaltningsplanen skal ivareta den todelte målsettinga i rovviltforlika frå 2004 og 2011:
- sikre levedyktige bestandar av dei store rovviltartane
- oppretthalde ei berekraftig beitenæring – særleg småfehald i utmark, som er viktig for norsk landbruk, distriktsnæring og sjølforsyning.
Dette blir i dag ikkje etterlevd. Møre og Romsdal er Noregs største tapsområde i tap av lam og sau til jerv. I 2025 var nesten halvparten av alle dokumenterte tap av lam og sau til jerv i Norge i Møre og Romsdal.
2. Høyringsutkastet seier at det så langt har vore vanskeleg å oppretthalde ein stabil delbestand av jerv med tre årlege ynglingar innanfor gjeldande forvaltningsområde i Møre og Romsdal. Påstanden er misvisande.
Rovdata, som har ansvar for det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, reknar bestandsstatus for jerv ut frå tal dokumenterte ynglingar dei tre siste åra.
Med utgangspunkt i Rovdata sin berekningsmåte ligg Møre og Romsdal jamt over på eller over det fylkesvise bestandsmålet for jerv sidan 2004 når ein tel ynglingar i heile fylket. Gjennomsnittet dei tre siste åra – frå 2023 til 2025 – er eksempelvis 3 årlege ynglingar.
Det er vanskeleg å telje jerv og ynglingar, og i 2025 var det spesielt krevjande mellom anna på grunn av vêrforhold og avgrensa tid til registrering. Ut frå høge tapstal i Møre og Romsdal er det sannsynleg meir jerv enn det som blir talt.
3. Forslaget til revidert kapittel 2 i forvaltningsplan for rovvilt i region 6 legg til grunn at det fylkesvise bestandsmålet for jerv i Møre og Romsdal skal vere oppnådd innanfor forvaltningsområdet for jerv i fylket.
Fylkesutvalet meiner eit slikt krav vil gi eit urimeleg høgt rovvilttrykk både i vår region og i tilgrensa regionar. Ein slik ordlyd vil innebere ein strengare forvaltningspraksis enn gjeldande forvaltningsplan der det heiter at «Alle ynglinger uavhengig om de befinner seg innenfor eller utenfor forvaltningsområdene telles med i forhold til å oppnå de regionale bestandsmålene». Fylket må her sjåast under eitt der det fylkesvise bestandsmålet er oppnådd dersom det i snitt er registrert tre årlege ynglingar eller meir når beiteprioriterte område og forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal vert vurdert samla over ein treårs periode.
4. Av omsyn til framtidig beitebruk i Møre og Romsdal og den todelte målsettinga i rovviltforlika, bør rovviltnemnda utgreie om det er berekraftig å ha eit fylkesvis bestandsmål på tre eller færre årlege ynglingar av jerv som grunnlag for framtidige revisjonar av forvaltningsplanen for region 6.