Til Kommunal- og forvaltningskomiteen.
Ferjefinansiering
Underfinansiering i ferjedrifta er ein av fylkeskommunen sine største utfordringar på samferdselsområdet.
Møre og Romsdal fylkeskommune har over fleire år, og i fleire høve, orientert om at ferjedrifta er kraftig underfinansiert. Per sept. 2024 er underfinansieringa av fylkesveg-ferjedrifta estimert til 230 mill. kroner. Underfinansiering i ferjedrifta betyr at andre ansvarsområde i fylkeskommunen må vere med på å finansiere ferjetilbodet som er nødvendig for innbyggarar og næringsliv, alternativt må vi kutte i ferjetilbodet eller bruke av fond for å finansiere drifta. Medan riksvegferjene i 2025 får 205 mill. kroner i rammetilskot per samband, så får fylkesvegferjene i Møre og Romsdal 40 mill. kroner per samband.
Møre og Romsdal er eit av dei største eksportfylka i landet, med dominerande næringar som maritim sektor, sjømat og offshore leverandørindustri. Det er heilt avgjerande med eit tilgjengeleg og framkommeleg vegnett for å oppretthalde konkurransekrafta, uavhengig av om vegnettet er statleg eller fylkeskommunalt. Ferjetenester er ein berebjelke for produktiviteten i desse næringane. Over fleire år har det vore rapportert om kraftig underfinansiering av ferjedrifta, og gapet mellom faktiske kostnadar og statlege overføringar veks for kvart år.
Gratis ferje og reduserte takstar er sjølvsagt positivt for brukarane, men det dekkjer ikkje fylkeskommunane sine kostnadar. For å sikre eit tilstrekkeleg ferjetilbod utan at andre viktige samfunnsoppgåver vert nedprioriterte, må overføringane til fylkesvegferjene aukast med minst 1 milliard kroner.
Møre og Romsdal fylkeskommune er glad for at det vert gitt tilskott knytt til innføring av krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester. Kravet vil gjelde frå 1. januar 2025. Fylkeskommunen har bestilt miljøteknologi på 10 av 20 samband, og det er dei mest kostnads- og teknologikrevjande sambanda som står igjen. Hausten 2024 er alle dei 16 hybridelektriske ferjene i drift, og etter noko innkøyring og oppstart, har vi ein forventning til at elektrifiseringsgraden for desse vil vere mellom 60 til opp under 95 prosent. Det å ta ut dei siste prosentane vil vere kostnadskrevjande. Dette må eit nytt nivå på tabell C-midlane spegle. KS og Kollektivtrafikkforeningen har gitt innspel om ei kompensasjonsordning som tek utgangspunkt i talet tonn CO2 som vert kutta gjennom ferjedrift, samanlikna med eit referanseår. Erfaringstal peikar på ein netto meirkostnad til minimum 1.500 kr/tonn CO2 per år. Ei slik ordning ville gitt Møre og Romsdal, med sin reduksjon på 40.000 tonn i 2025, ein kompensasjon på 60 mill. kroner. Det er 10 mill. kroner over den totale ramma til fordeling mellom fylkeskommunane i 2025 (50 mill. kroner).
Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at det blir publisert ein forpliktande plan for tilskotsordninga knytt til kravet om null- og lågutslepp i båt- og ferjedrifta, og denne må som minimum vere tiårig på grunn av den lange planleggingshorisonten i båt- og ferjeanbod.
Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal
Størrelsen på midlane til fylkesveg står ikkje i forhold til behovet og heller ikkje til den gjennomgåande ambisjonen i Nasjonal transportplan (NTP) om å ta vare på det vi har.
I NTP 2025-36 vart viktigheita av fylkesvegane tillagt større vekt og det vart sagt at tilskottet til fylkesvegane skulle doblast samanlikna med 2024.
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at styrkinga til fylkeskommunane er altfor lav. Den reelle auken til Møre og Romsdal fylkeskommune er berre på 30 mill. kroner. Ramma til opprusting og fornying av fylkesvegnettet må styrkast betydeleg, slik at fylkeskommunane har moglegheit til først å stoppe auken og etter dette ta igjen vedlikehaldsetterslepet. Berre i Møre og Romsdal er etterslepet utrekna til 17 mrd. kroner.
Møre og Romsdal fylkeskommune held fast ved vårt innspel til NTP om at løyvingane til fylkesveg blir styrka med minimum fem mrd. kroner årleg, i tillegg til tunnel- og rassikringsmidlar fram til vedlikehaldsetterslepet er retta opp.
Kompensasjon for tiltak etter tunnelsikkerheitsforskrifta
Statens vegvesen vurderer at kostnadene til å oppfylle tunnelsikkerheitsforskrifta (TSFF), er undervurderte og kostnadsestimata for samla oppgradering i samsvar med forskrifta er vesentleg endra frå 2015 og fram til i dag. Ved kvar ny runde med berekning av kostnader, aukar estimata vesentleg. Dette har med generell kostnadsauke å gjere, men også med omfanget av tiltak som må til for å tilfredsstille forskrifta. For 2025 vart kompensasjon for tiltak etter tunnelsikkerheitsforskrifta berre justert med kommunal deflator.
Dagens nivå på kompensasjonen vil ikkje vere tilstrekkeleg til å dekke kostnadane knytt til å oppfylle krava i forskrifta, verken innanfor NTP planperioden 2022-2033 eller dersom kompensasjonen blir vidareført til ytterlegare utvida frist til og med 2042. Med tanke på at det er stor usikkerheit knytt til omfang av nødvendige tiltak for å innfri krava i TSFF, og dermed også kostnadsanslaga, vil det vere heilt nødvendig å gjere fortløpande vurderingar av nivået på kompensasjonen.
Totalkostnadar for utbetring av dei 25 attståande fylkesvegtunnelane i Møre og Romsdal etter TSFF er estimert til om lag 3,6 mrd. 2023-kroner. Dette inkluderer berre tiltak knytt til å innfri tunnelsikkerheitsforskrifta og tilhøyrande tiltak som er nødvendig for at det i det heile tatt skal vere mogleg å innfri forskriftskrava, samt noko kritiske trafikksikkerheitstiltak. Denne summen omfattar altså ikkje alt vedlikehaldsbehov (utbetring av forfall) for TSFF-tunnelane.
Møre og Romsdal fylkeskommune har grunna stor tunnelmasse søkt om ytterlegare fristforlenging til 1. januar 2043.
Ramma til tunnelsikring må aukast og ordninga må vidareførast slik at tiltak etter tunnelsikkerheitsforskrifta kan gjennomførast i eit raskare tempo enn dagens kompenasjonsnivå tillét. Kostnadane ved innføring av forskrifta må dekkast fullt ut av staten.
Ras- og skredsikring
Møre og Romsdal fylkeskommune fekk tildelt totalt 615 mill. kroner i «Tilskuddsprogram for skredsikring fylkesveg 2018 – 2023». 200 mill. kroner av skredsikringspotten var sett av til å dekke delar av underskottet på det allereie gjennomførte skredsikringsprosjektet Røyr – Hellesylt. Dei resterande 415 mill. kronene var sett av til å sikre det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesveg i Møre og Romsdal, fv. 63 Korsmyra – Indreeide. Prosjektet vart starta opp i 2018 og blir ferdigstilt i 2024. Fråtrukke mva., har prosjektet eit samla finansieringsbehov på om lag 822 mill. kroner (løpande), og tildelte statlege midlar er på om lag 709 mill. kroner (løpande) t.o.m. 2025. Det betyr at prosjektet framleis ikkje er fullfinansiert med statlege overføringar, og det står att om lag 113 mill. kroner før prosjektet er fullfinansiert med statleg tilskot og kompensasjon for meirverdiavgift. Fylkestinget har vedtatt å ikkje starte nye store skredsikringsprosjekt før Korsmyra – Indreeide er fullfinansiert.
Behovet for ras- og skredsikring av fylkesvegane i Møre og Romsdal er stort og vi ber om at ramma til dette formålet blir auka og ikkje berre korrigert med kommunal deflator.
Skredsikring
Møre og Romsdal ønsker et eget innovasjonsprogram og at en incentivordning etableres i tillegg til de ordinære skredsikringsbevilgningene.
Grunnleggande norskopplæring for nyleg komne minoritetsspråklege
Auka tal på flyktningar medfører auka kostnadar for fylkeskommunen i den vidaregåande opplæringa, som vi ikkje får kompensert frå staten via inntektssystemet eller øyremerka midlar. Fylkeskommunen får førebels berre ordinært innbyggartilskot frå staten for flyktningane, men ikkje kompensasjon for ekstra utgifter.
Auka utgifter til innføringsklasser/grunnleggande norskopplæring var i 2023 på om lag 6 mill. kroner. Estimert behov i 2024 er på 15,5 mill. kroner, og for 2025 er behovet om lag det same. Vi har no eit slikt tilbod på fem skolar med til saman 116 plassar som no er fylt opp. Ressursane fylkeskommunen bruker på dette må gå frå våre sterkt pressa budsjettrammer, og det vil kunne innebere eit svekka tilbod for elevane generelt i fylket om tilbodet om grunnleggande norskopplæring skal oppretthaldast. I tillegg kjem auka utgifter til særskilt språkopplæring, tolketeneste og tidleg karriererettleiing.
Det er ein sterk forventning frå kommunane om at fylkeskommunen skal ha eit tilbod med opptak gjennom heile året for nykomne flyktningar frå 16-18 år. Dei vil elles vere utan tilbod heilt til dei kan starte i vidaregåande opplæring ved skolestart. For ein elev som kjem til landet i september, kan det i verste fall bety at han står utan tilbod til august neste år. Dette er grunnen til at vi må ha eit tilbod om grunnleggande norskopplæring, sjølv om dette ikkje er ei plikt fylkeskommunen har etter lova.
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er urimeleg at fylkeskommunane ikkje skal få midlar frå staten i det heile til å finansiere norskopplæring til flyktningar som kjem til Norge i ein situasjon der fylket busett langt fleire enn folketalet skulle tilseie. I den ordinære vidaregåande opplæringa er det etter 2. inntaket i 2024 9.117 elevar, og av dei er 920 minoritetsspråklege (mot 855 i 2023). Det er 205 av desse som er frå Ukraina, medan det i 2023 var 89. Mange ungdommar har svært kort bu-tid og det stiller store krav til skolane, både når det gjeld ekstra behov for lærarressursar med kompetanse innan grunnleggande norskopplæring, og i elevtenestene ved skolane pga. traume og behov for støttetiltak hos elevane som kjem. Det pressar kostnadsnivået i den vidaregåande skolen, pga. behov for å styrke bemanninga.
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er urimeleg at fylkeskommunane ikkje skal få dekka auka kostnadar til norskopplæring til nylig komne minoritetsspråklege, og ber om rammetilskotet blir styrka til dette formålet.
Runde Miljøsenter
I forslaget til statsbudsjett for 2025 foreslås det å stryke det øremerkede tilskuddet til Runde Miljøsenter ((kap. 1420, post 85 Besøkssenter for natur og verdensarv). Dette er et kuttforslag som Møre og Romsdal fylkeskommune reagerer på.
Runde Miljøsentre er et senter for forskning og formidling på marin kystøkologi, sjøfugl og livet i havet. Sentret er sentralt plassert like ved fuglefjellet på Runde og de viktige gytefeltene for silden på Myrbankene. Siden 2015 har senteret fått driftsmidler over statsbudsjettet. Dette har gitt senteret en forutsigbarhet og økonomisk grunnmur som har muliggjort senteret sin eksistens. Uten disse midlene, er det høyst usikkert om senteret kan drive videre.
I løpet av årene med statstilskudd har senteret utført mye viktig nybrottsarbeid. Sentret skaper interesse for og formidler kunnskap om livet ved og i havet. De jobber tett på næring og forskning. Formidlerrollen deres gjør at vi og framtidige generasjoner får bedre forståelse for hvordan man kan ta vare på ressursgrunnlaget og drive verdiskapingen fra havet på en bærekraftig måte. De er dermed ikke bare et besøkssenter for natur, men en viktig bidragsyter for marine og maritime næringer i Møre og Romsdal.
Med bakgrunn i senterets betydning for forskning, formidling, næringsliv og regionen, forventer vi at dette kuttet ikke gjennomføres, men at Storting og regjering finner plass til et tilskudd på minimum 5 millioner til Runde Miljøsenter i det endelige budsjettvedtaket.
Kystpilgrimsleia
Kystpilegrimsleia er skildra i Langtidsplan for pilegrimssatsing i Norge «Veien fram mot 2027». Av hensyn til kultur- og reiselivssatsinga som er knytt til Kystpilegrimsleia (Rogaland - Trøndelag) er det viktig at bevilgning av penger i tråd med langtidsplanen blir fulgt opp med midler i tråd med finansieringsplanen. I Møre og Romsdal er satsinga knytt til det regionale pilegrimssenteret på Smøla, i tillegg til fleire nøkkelstader i heile fylket.