Fylket rundt med litteraturopplevingar for dei yngste

I juni får skolestartarane i Møre og Romsdal eit heilt spesielt tilbod når prosjektet Boklek kjem til fylket.

Gjennom formidlingsturneen inviterer folkebiblioteka lokale barnehagar til høgtlesing og litteraturformidling med bildeboka «Stor» av Martine Grande. Møre og Romsdal fylkeskommune er samarbeidspart i prosjektet og har ei sentral rolle i å løfte fram litteratur og leselyst for barn i fylket.

Forfatter Martine Grande skal ut på turné med boka si "Stor" i Møre og Romsdal. Hanne Hasselberg

Forfattaren og formidlarar reiser på turné

Turneen blir gjennomført første veka i juni, veke 23, og i tillegg til forfattar Martine Grande, er også formidlarane Marianne Sundal, Thomas Jørstad Pettersen og Tjodun Felland med på turen. Gjennom samarbeidet mellom Norsk litteraturfestival, folkebiblioteka og Møre og Romsdal fylkeskommune får barna eit nært og inspirerande møte med litteraturen.

– Det er utruleg gledeleg at vi får moglegheita til å bringe Boklek til fleire barn. Støtta frå Kulturrådet viser at satsinga på leseglede og formidling tidleg i skoleløpet treffer eit viktig behov, seier Mia Granum, Boklek-koordinator i Norsk Litteraturfestival.

Barnehagane blir inviterte til sitt lokale bibliotek, og barna får oppleve høgtlesing og ei formidling som tek utgangspunkt i temaet i boka – det å vere liten, og det å drøyme om å bli større. For fem- og seksåringar som skal begynne på skolen til hausten, er nok dette ei kjensle dei kjenner godt igjen.

Boklek – eit etablert og populært tiltak

Boklek har vore ein suksess i fleire fylke gjennom dei siste åtte åra. I år er det endeleg skolestartarane i Møre og Romsdal sin tur.

– Vi er stolte av at også vi i Møre og Romsdal får tilby Boklek til skolestartarane. Dette blir eit kjærkommen bidrag til leselyststrategien, og vi håpar at både biblioteka, barnehagane og ikkje minst barna vil få stor glede av dette prosjektet, seier Gro Elin Eriksen, rådgivar for regional bibliotekutvikling og litteraturansvarleg i Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Målet i Boklek-prosjektet er å gi barn gode litteraturopplevingar, skape leselyst og styrke samarbeidet mellom barnehagar og dei lokale folkebiblioteka. Norsk litteraturfestival har fått støtte frå Kulturrådet til å gjennomføre turneane i Trøndelag og Møre og Romsdal, og prosjektet blir i tillegg finansiert av dei deltakande fylkeskommunane.