Ga tilskot til ungdomsaktivitetar i heile fylket

Ungdomskonsert i Volda, sikring av stupetårn i Sykkylven, utstyr til Surnadal ungdomsklubb og innebandycup i Ulstein er blant aktivitetane som har fått støtte frå Ungdommens fylkesråd. 

14 ungdomannar i blå hettegenser står framfor eit bygg. - Klikk for stort bileteUngdommens fylkesråd har fordelt ungdomsmidlane. Jan Ragnvald Eide

Kvar haust og vår deler Ungdommens fylkesråd ut ‘ungdomsmidlar’ til aktivitetar og utstyr i fylket. I denne runder kom det totalt kom inn 27 søknader, og nyleg fordelte rådet 125. 000 kr til åtte tiltak.

Leiar i ungdomsrådet, Iver Aarebrot (Haram), seier at tiltaka som får støtte skal samle ungdom og vere ope for flest mogleg, og at dei prioriterer aktivitetar skapt av ungdom.
-    Det å kunne tildele midlar til tiltak som er positive for ungdom i heile fylket er veldig givande, seier han.

Desse fekk støtte: 

TiltakSøkarKommuneTildeling
Skli- og fallsikring av stupetårnNedre Sætre VelforeiningSykkylvenkr 13.300
Miljøskapande arbeid etter skulesamanslåingElevrådet ved Herøy ungdomsskuleHerøykr 15.000
Lågterskel innebandy-cup for 9. trinnet på Søre SunnmøreHødd InnebandyUlsteinkr 15.000
Ungdomskveldar for unge som køyrer moped/lett mc/mellomtung mcMoonshine MC RomsdalRaumakr 13.000
Utstyr til UngdomsetasjenSurnadal UngdomsklubbSurnadalkr 20.000
Mestring- og ferdigheitsveke for ungdomTrevlÅlesundkr 15.000
Mobilt aktivitetssett for kreative møteplasser og hangoutsUngdomsrådet RaumaRaumakr 18.700
Ungdomskonsert på RokkenVolda UngdomsrådVoldakr 15.000
Sum:  kr 125.000

Neste søknadsfrist er 1. april i 2026. Ungdom kan søke om støtte til både til utstyr og til aktivitetar for ungdom.