Pål Arne Sællag - avdelingsleiar i AF Decom, Andreas Brekke - byggeleiar i fylkeskommunen, Ragnhild Holen Relling – prosjektleiar i fylkeskommunen, Kenneth Eidskrem – prosjektleiar i AF Decom, Anne Grete Sætre - HMS rådgivar i fylkeskommunen, Gunnar Jan Valde - kontraktsrådgivar i fylkeskommunen, Torbjørn Vatnehol – prosjektsjef i fylkeskommunen og Sverre Fordal – prosjektleiar i AF Decom.
Else Britt Ervik
Den gamle brua, som vart bygd i perioden 1966–68, skal fjernast i løpet av året. Den endelege framdriftsplanen blir avklart i innleiande møter med entreprenør, men fylkeskommunen har lagt opp til at rivinga skal vere gjennomført innan utgangen av 2026.
- Med ein erfaren entreprenør som AF Decom på laget, kan vi no starte arbeidet med å fjerne den gamle konstruksjonen på ein trygg og kontrollert måte, seier Ragnhild Holen Relling, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Stor betongkonstruksjon
Brua er ei om lag 405 meter lang bjelkebru med 20 spenn, der det lengste er 40 meter. På det høgaste ragar brua rundt 20 meter over bakken. Totalt skal rundt 1200 kubikkmeter betong rivast og transporterast bort.
Kontrakten med AF Decom har ein verdi på om lag 30 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift.
Ny bru i drift
Den nye Nerlandsøybrua, som opna i 2025, har teke over all trafikk mellom Leinøya og Nerlandsøya. Når den gamle brua no blir fjerna, blir området rundt også rusta opp som del av sluttarbeidet i prosjektet.
Prosjektleiar og avdelingsleiar i AF Decom: Sverre Fordal og Pål Arne Sællag, og prosjektleiar og prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Ragnhild Holen Relling og Torbjørn Vatnehol.
Else Britt Ervik