Gamleskulen på Giske fekk nasjonal plakett

Gamleskulen på Giske er heidra med Kulturminnefondet si nasjonale plakett for godt restaureringsarbeid, og blir løfta fram som eit forbilde.

Prisen blei delt ut og feira onsdag 24. juni der over 40 personar deltok.

– Gamleskulen på Giske er eit forbilde og eit godt døme på vern gjennom aktiv bruk. De har bevart eit viktig kulturminne og skapt nye minne, sa styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln, då ho delte ut prisen. Ho løfta fram både kvaliteten på restaureringa og betydninga av bygget i dag:

– De har gjennomført eit imponerande restaureringsarbeid i fleire fasar. Dette har sikra verdiane, samtidig som staden er blitt eit levande møtepunkt mellom generasjonar, sa Jakhelln.

Inspirerande eksempel

Leiar for seksjon kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Arna Tokle Yri, trakk fram prosjektet som eit inspirerande eksempel:

– Prosjektet viser kor viktig samarbeid er. Frivillige, handtverkarar, kommunen, næringsliv og tilskotsordningar frå Kulturminnefondet og fylkeskommunen har spela godt på lag. Slikt samarbeid gir gode resultat, men utan lokalt engasjement hadde det ikkje blitt noko, sa seksjonsleiaren.

Bygd i 1904

Skolebygget stod ferdig i 1904. Etter at Sogelaget på Giske tok over i 2018, er det utvikla til Kulturhuset Gamleskulen.

– Slike skolehus som dette har hatt ei heilt sentral rolle i samfunnsutviklinga vår. Når de tar vare på Gamleskulen, tar de også vare på denne historia, og på verdiane som ligg i ho. Samtidig gir de bygget nytt liv for fellesskapet. Det er akkurat dette som gjer kulturminne særleg relevante i dag, sa Tokle Yri.

Eit hus fylt med aktivitet

I dag er huset fylt med aktivitet, frå ungdomskafé til konsertar og samlingar på tvers av generasjonar.

Den nasjonale plaketten blir delt ut til få prosjekt kvart år og løftar fram tiltak som kombinerer vern, bruk og overføringsverdi.

Les nyheitsartikkel på Kulturminnefondet si nettside.