Går i dialog med helseføretaket om beredskap på Eidsdal–Linge

Samferdselsutvalet ber fylkeskommunedirektøren gå i dialog med Helse Møre og Romsdal om å avvikle eller justere beredskapsløysinga på ferjesambandet Eidsdal–Linge.

Bilferje ved kai. - Klikk for stort bileteBilferja Norddalsfjord ved kai på Linge. Else Britt Ervik

Det vedtok samferdselsutvalet einstemmig i sitt ekstraordinære møte torsdag 3. oktober.

Bakgrunnen for at politikarane vil avvikle løysinga, er at dei er bekymra for at det blir vanskeleg å halde stabil drift i sambandet under gjeldande regelverk dersom ein også skal legge til rette for andre aktørar sin beredskap.

Beredskapssamband 

Sambandet Eidsdal–Linge var beredskapssamband i den førre kontraktsperioden frå 2012, og er det også i den nye ferjekontrakten frå 2020. Det betyr at primær- og spesialisthelsetenesta når som helst i døgnet kan kjøpe ekstraavgangar på sambandet ved akutte behov. Dermed må mannskapet vere tilgjengeleg på telefon og/eller VHF og kunne gjennomføre ein avgang snarleg etter at bestillinga er mottatt.

Fram til og med 2023 har ikkje beredskapsturane påverka den ordinære rutetrafikken og dei lovpålagde tenestene. Men frå 1. januar 2024 vart reglar for dispensasjon frå kviletida for mannskap handheva strengare av Sjøfartsdirektoratet. Dermed har det i år vore fleire innstilte avgangar om morgonen på sambandet, som har fått konsekvensar for Møre og Romsdal fylkeskommune sine eigne lovpålagde oppgåver: Å frakte elevar til og frå skole.

Vil ha føreseieleg ferjedrift

Ferjeoperatøren har varsla FRAM at det er svært krevjande å få på plass gode løysingar som sikrar ei god og føreseieleg ferjedrift.  

I saksframlegget peiker fylkeskommunedirektøren på at ferjedrifta må vere stabil slik at vegnettet er opent og framkommeleg: «Uføreseielege avbrot i ferjedrifta har store negative konsekvensar for brukarane våre og dei lovpålagde tenestene, og har også med fylkeskommunen sitt omdømme å gjere. Fylkeskommunen må først sørge for at eigne lovpålagte oppgåver blir løyst, og fylkeskommunedirektøren vel derfor å tilrå at det blir oppretta dialog med Helse Møre og Romsdal for avvikling eller justering av beredskapsordninga.»

Eit einstemmig samferdselsutval ber no fylkeskommunedirektøren gå i dialog med Helse Møre og Romsdal.

Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå samferdselsutvalet torsdag 3. oktober 2024.