Går saman om betre rammer for torskeoppdrett

Meir kunnskap om torskeoppdrett, betre rammer og god samhandling, er godt nytt både for dei som søker om løyve og dei som skal behandle søknaden.

To kvinner står ved Moldefjorden i solskinn. - Klikk for stort bileteRebekka Varne og Diandra Drarvik, rådgivarar for akvakultur i fylkeskommunen. Møre og Romdal fylkeskommune

Torskeoppdrett har dei siste åra vore ei varm potet i kommunane og i fylket, langs heile kysten i store delar av landet, av fleire grunnar. Plassering, rømming, forureining har vore tema for fleire debattar.

No har fylkeskommunane med Møre og Romsdal i spissen, tatt grep for å få tydelegare rammer for alle som skal behandle søknadane om torskeoppdrett. Dei har saman med Mattilsynet bedt Havforskingsinstituttet (HI) om forvaltningsstøtte, og nyleg fått eit kunnskapsgrunnlag som i praksis kan brukast som eit felles verktøy.

Ifølge rådgivar i fylkeskommunen, Rebekka Varne, vil dette gjere ein forskjell for både dei som søker om løyve til torskeoppdrett, men særleg for dei som skal tildele løyvet.

-  At vi har fått på plass dette grunnlaget, vil hjelpe både søkarane til å søke gode lokalitetar, og vil gjere fylkeskommunen og andre i forvaltninga betre rusta til å ta gode avgjerder ved tildeling og avslag på løyve. Det gir meir solide rammer og potensielt ein meir føreseieleg situasjon, seier Varne, som er fylkeskommunen sin representant i FAKS. (Fylkeskommunanes akvakultursamarbeid)

Det nye kunnskapsgrunnlag er ein detaljert simulering av spreiing smittestoff og utslepp frå anlegg, og gir berekningar som kan samanliknast mellom lokalitetar. Det vil vere nyttig for å vurdere kor mykje eit anlegg vil belaste og påverke området og miljøet rundt anlegget.

For alle ledda i forvaltninga vil det vere positivt at dei no har tilgang til same og solide kunnskap og rammeverk.

Tett på næringa

Eit slikt kunnskapsgrunnlag er vanlegvis ikkje noko HI gir fylkeskommunane, men denne saka er spesiell.

- HI ser at forvaltninga treng  meir og felles innsikt for å sikre at dei tar gode avgjerder. Det er godt å få denne brikka på plass, seier Varne.

I tillegg arrangerer forvaltninga i samarbeid ein konferanse, Torskeoppdrett – kunnskap og forvaltning, for å ytterlegare samordne alle som er involvert i tildeling av løyve til torskeoppdrett. Den 26. september er  næringa, fylkeskommunar, departement, direktorat og forsking invitert til konferanse. Konferansen er fullsett, men det er framleis mogleg å følgje med digitalt for alle. Dagen etter er det samling berre for forvaltninga, der det vil vere djupare diskusjonar om samordning og status i næringa.

- Dette er nok eit steg vidare for å sikre god og berekraftig forvaltning – og  nå målet vårt, som er å ta vare på miljøet og samtidig legge til rette for næringsutvikling.

 

Påmelding til konferanse Torskeoppdrett – kunnskap og forvaltning 26. september, digital deltaking