Det er to av vala etter at tre representantar frå fylkestinget, Monica Molvær (H), Joakim Myklebust Tangen (FrP) og Harry Valderhaug (KrF) er valt inn på Stortinget. Dei har alle søkt fritak frå sine roller i fylkespolitikken. Unntaket er Valderhaug, har søkt fritak for alle andre verv enn som medlem av fylkestinget.
Fylkestinget har no einstemmig vedtatt kven som skal ta over for Molvær, Tangen og Valderhaug.
Endringar i fylkestinget
- Torill Velle (H) blir medlem for Monica Molvær.
- Roger Bach (FrP) blir medlem for Joakim Myklebust Tangen.
Endringar i fylkesutvalet
- Jessica Gärtner (H) blir medlem for Monica Molvær.
- Roger Bach (FrP) blir varamedlem for Joakim Myklebust Tangen.
- Victoria Smenes (KrF) blir varamedlem for Harry Valderhaug.
Endringar i hovudutvala
- Leif Bjarne Ersnes (H) blir ny leiar i kultur- og folkehelseutvalet, etter Jessica Gärtner.
- Anita Oterhals Eide (H) blir medlem i kultur- og folkehelseutvalet, også etter Gärtner.
- Knut Erik Engh (FrP) blir medlem i kompetanse- og næringsutvalet for Tangen.
- Inge Aukan (KrF) blir medlem i kompetanse- og næringsutvalet for Valderhaug.
Vedtaket vart gjort onsdag, endringane trer i kraft umiddelbart, og gjeld ut valperioden.