Georadar med kjempetreff – kan ha funne langhus og vikinggrav

Eit pilskott unna nasjonalmonumentet for slaget ved Hjørungavåg er det gjort fleire spanande funn frå mange tidsepokar. 

Tre arkeologar grev i ei sjakt - Klikk for stort bileteArkeologar i arbeid Arve Nytun

- Dette viser at her har det budd mykje folk i svært mange år og at det kunne ha vore eit maktsenter i jarnalderen, seier arkeolog Arve Eiken Nytun. Han er prosjektleiar for registreringane og har saman med feltleiar, Øyunn Wathne Sæther vore den som har jobba med prosjektet.

Ovra i Hareid kommune er rikt på   fornminne.  Her ligg gravrøyser som perler på ei snor, og vitnar om busetting gjennom store delar av jarnalderen. I 2009 vart det gjort arkeologiske registreringar på nedsida av hovudvegen, mot stranda.

Spor etter langhus og aktivitet frå vikingtida

Bilde av utgrove arkelogsk sjakt - Klikk for stort biletePå dette bildet ser vi veggrøfta til langhuset gå parallelt med målstokken. Det grå feltet lenger inn i sjakta er truleg golvlaget i huset. Arve Nytun

Undersøkingane i Hjørungavåg har avdekka spor frå ulike historiske epokar. Mellom dei viktigaste funna er eit 4000 år gamalt steinalderhus, fleire stolpehol frå yngre jernalder, og strukturar som peikar på aktivitet i vikingtida. Eit spesielt spennande funn er restane av eit mogleg langhus, der stolpehola tyder på teknikkar som var vanlege i merovingar- og vikingtid. Dette var først påvist med georadar, og arkelogane kunne derfor grave målretta på spor etter det. 

–  Vi kan sjølvsagt ikkje vere 100% sikre på at langhuset er frå vikingtida , men måten stolpehola er konstruert på, med steinpakningar som held stolpane på plass, er typisk for perioden. Vi har også funne eit hengebryne som kan daterast til vikingtid, men vi ventar framleis på resultata frå C14-dateringar, seier Nytun. 

Kartla områda med flyfoto og georadar

Mann med georadar søker på attlege - Klikk for stort bileteGeoradar er eit nyttig verktøy for å finne spor etter fortida Arve Nytun

Denne gangen vart det gjort mange spanande funn  på oppsida av vegen, der det  ikkje har vore gjort arkeologiske  registreringar tidigare. Området blei først kartlagt ved hjelp av flyfoto og georadar.  
- Georadaren har gjeve oss eit heilt nytt bilete av området og hjelpt oss med å prioritere kva som er viktig å grave ut.  Georadaren gjer oss moglegheit til å sjå under bakken utan å skade strukturar seier  Nytun. 

 

Også steinalderfunn

Hand som held Meisel frå eldre steinalder - Klikk for stort bileteMeisel frå eldre steinalder Arve Nytun

 

Vi har også funne fleire steinalderlokalitetar med steinaldergjenstandar, dei eldste truleg 7000 år gamle, men også mogelege spor etter hus frå sein steinalder eller tidleg bronsealder, om lag 3500 – 4000 år sidan seier feltleiar Øyunn Wathne Sæther. 

Undersøking etter planar om vassanlegg

Det var under planlegginga av eit vassanlegg at kommunen vart pålagt ei arkeologisk undersøking av området. Tidlegare funn i nærleiken, inkludert ei mogleg grav frå vikingtida oppdaga i 2009, gjorde at arkeologane stilte med høge forventningar til det nye prosjektet. 

Knytt til historisk slag

Området der langhuset er funne, er nært knytt til det historiske slaget ved Hjørungavåg, då det ligg ved innløpet til vågen som mange historikarar har meint er det historiske Hjørungavåg. Dette er eit av dei viktigaste slaga i norsk vikingtid.  

Slaget skal ha funne stad  rundt år 986 og markerer ein viktig kamp mellom den norske Håkon jarl og ein invaderande dansk flåte under leidning av Jomsvikingane. Håkon jarl si siger i dette slaget sikra norsk sjølvstende og var med på å styrke hans posisjon som leiande høvding. Det nasjonale monumentet for slaget ligg i nærleiken av funnstaden, og desse arkeologiske oppdagingane kan bidra til å kaste nytt lys over livet og aktiviteten i området på denne tida.