Gir ein million til Frivilligsentralane

Fylkesutvalet gjer i år som dei gjorde i fjor: Løyver ein million kroner til Frivilligsentralane i Møre og Romsdal.

Ei gruppe mennesker som sitt rundt eit avlangt bord. Møte i fylkesutvalet. - Klikk for stort bileteMøte i fylkesutvalet tysdag 28. november Per-Kristian Bratteng

Fylkesutvalet ser at utdelinga av midlar i fjor til frivilligsentralane i Møre og Romsdal vart eit viktig bidrag til dei som slit mest med å få endane til å møtast – ikkje minst på grunn av blant anna renteauke og høgare prisar på mat og forbruksvarer.

Pengane som fylkesutvalet no har løyvd skal gå til å organisere innsamling av mat og forbruksartiklar frå handelsstand og andre for å gi til dei innbyggarane som treng det mest.

Midlane blir fordelt etter innbyggartal i kommunane.

«For de kommunene som ikke har frivilligsentral, kan kommunene fordele midlene til andre lignende organisasjoner. Løyvingene dekkes fra fylkesutvalget sin reservepost», går det fram av det einstemmige vedtaket.

Her kan du lese møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkesutvalet sitt møte 28. november 2023.