Gir grønt lys for skredsikring i Trollstigen

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 10 millionar til skredsikring i Trollstigen. Saman med dei 40 millionane fylkeskommunen fekk i skjønnstilskot frå staten, gir dette grunnlag for å starte sikring av den viktige turistvegen så snart som råd.

veg svinger seg i krappe svingar på eit fjell - Klikk for stort bileteTrollstigen Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeskommunen søkte Kommunal -og distriktsdepartementet om skjønstilskot. Måndag 1. juli kunngjorde kommunalminister Erling Sande at staten bidrar med 40 mill. kroner til utbetring av Trollstigen. No skal fylkeskommunen sjølv bidra med 10 mill. kroner for å fullfinansiere strakstiltaka.  

Etter vedtaket i fylkesutvalet i dag, er fylkesordførar Anders Riise svært glad for at det er funne ei løysing som kan bidra til å få fullført del 1 av strakstiltaka.   

– I denne krevjande situasjonen har det vore gjort ein god jobb frå både politisk og administrativ side. Det er utruleg flott å sjå at vi har klart å få på plass finansiering av dette viktige skredsikringsprosjektet på så kort tid, seier Riise.

Bakgrunnen for at Fylkesveg 63 Trollstigen er stengd mellom Isterdalen og Trollstigplatået grunna for stor risiko for ras.  Risikoreduserande tiltak som går på å styre trafikken er ikkje lenger tilstrekkelege. Midlane som no er løyvd frå stat og fylkeskommune bidreg til at det allereie no kan settast i verk strakstiltak i fjellet.

Strakstiltaka er del 1

Strakstiltaka har som mål å bidra til av vegen kan opnast, heilt eller delvis, før alle tiltaka ved varig sikring er gjennomført. Strakstiltaka blir rekna som del 1 av sikringsprosjektet. Forprosjektrapporten for del 2 blir levert til fylkeskommunen i slutten av september, og vil bli lagt fram for politisk behandling i løpet av året.

Strakstiltak i del 1 av sikringsarbeidet:

  1. Førebuande arbeid: Rehabilitering av avskjeringsgrøft på toppen av fjellet 
  2. Sikringsarbeid i fjellet:  
  • Kontrollreinsk i dei mest steinsprangutsette delane av Kjelstadlinja 
  • Tømme is- og steinsprangnett for stein

Det førebuande arbeidet med rehabilitering av avskjeringsgrøfta må gjerast før sikringsarbeidet i sjølve fjellveggen, for å leie vekk vatn. Samstundes blir det jobba med konkurransegrunnlag for utlysing av sikringsarbeid i fjellet. Arbeidet med klargjering av dette har skjedd utan opphald, og framdrifta er ikkje påverka av at tiltaka fram til no ikkje har hatt finansiering.

Vil sjå på besøks-/bompengebidrag for å finansiere varig rassikring i Trollstigen

I forprosjektrapporten som kjem i september vil ein sjå på kva som er moglege løysingar for varig sikring av Trollstigen, med vekt på fjellsikring. 

I vedtaket i fylkesutvalet får Fylkeskommunedirektøren fullmakt til å arbeide vidare med etablering av ei ordning med besøks-/bompengebidrag som finansieringsløysing for varig rassikring av Trollstigen.