Brevet er eit forvarsel om at høyringsperioden vil vere i perioden 2. juni til 1. september 2025.
«For at kommunestyret skal ha moglegheit til å sende inn høyringsuttale, gjer vi derfor ordførarane merksame på at denne høyringssaka kjem», går det fram av brevet.
Fylkeskommunedirektøren skriv at fylkestinget i desember 2024 vedtok at arbeidet med å utgreie ein ny skole- og tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal kan starte.
«Administrasjonen er komme eit godt stykke på veg med jobben. I juni skal saka ut på offentleg høyring, på seinhausten blir det politisk behandling i råd og utval, før saka blir vedtatt på fylkestinget 9.-10. desember», skriv fylkeskommunedirektøren.
Brevet vart sendt onsdag 19. februar.