God interesse for bygginga av nye Ørsta KKS

Seks entreprenørar har levert tilbod på totalentreprisen for bygging av nye Ørsta KKS. Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune er glade for at interessa for prosjektet er stor. Prosjektet går no inn i ein viktig fase med evaluering av tilboda.

Arkitektteikning. - Klikk for stort bileteNye Ørsta KKS. Arkitekt Pir2

 

Tilbodsfristen for totalentreprisen gjekk ut 14. oktober, og heile seks entreprenørar valde å levere tilbod. Den gode deltakinga i konkurransen er eit tydeleg teikn på at prosjektet er attraktivt og at marknaden har stor interesse for å vere med på realiseringa av nye Ørsta KKS.

Prosjektleiinga skal no gjennomføre ei grundig evaluering av tilboda. Vurderinga vil skje på bakgrunn av dei to tildelingskriteria pris og kvalitet.

Samtidig er fleire førebuande aktivitetar allereie i gang. På tomta er det gjennomført arkeologiske undersøkingar, og arbeidet med å etablere ny telesentral er starta. Den eksisterande telesentralen i Holmegata 5 skal flyttast som ein del av tilrettelegginga for den vidare utbygginga.

Når rivinga av dei eksisterande bygningar på tomta er fullført, er planen at bygginga av nye Ørsta KKS skal starte på nyåret 2027.

– Vi er svært glade for den gode interessa frå marknaden. Seks tilbod gir eit solid grunnlag for konkurranse og understrekar at dette er eit viktig og attraktivt prosjekt for regionen. No ser vi fram til å gå gjennom tilboda og forhåpentlegvis ta prosjektet vidare inn i neste fase, seier prosjektleiar Yngve Solemdal. Målsettinga er at kontrakt med totalentreprenør er signert i løpet av november.

Det nye Ørsta KKS vil bli eit viktig tilskot for framtidige brukarar og eit sentralt prosjekt i den vidare utviklinga av området. På den måten bidreg prosjektet også til å skape ein attraktiv, mangfaldig og inkluderande bygdeby etter FN sine bærekraftmål.