Sander Green Tymczuk på Voksa ferjekai.
Andreas Brekke
Sander har nyleg gjennomført 10 vekers praksis i fylkesvegavdelinga. Å legge til rette for praksisplassar, rettleiing i bacheloroppgåver og gjennomføring av gjesteforelesingar er del av eit samarbeid mellom samferdselsområdet i fylkeskommunen og NTNU. Dette fortel Gitte Beiermann, teamleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. -
- Det er viktig for oss med eit godt samarbeid med NTNU med tanke på rekruttering, seier ho.
- Det er alltid kjekt å ha praksisstudentar innom. Dei er interesserte, stiller gode spørsmål og er reflekterte. Vi får av og til brynt oss på spørsmåla deira, og det er bra.
Fekk innblikk i eit spanande fylke
Sander valde praksis i fylkeskommunen då han såg det som spesielt relevant for utdanninga som byggingeniør på NTNU. Studieretninga han har valt heiter vegbygging - planlegging og drift.
- Eg såg det som ei stor moglegheit å få eit innblikk i alt det spanande som skjer her i fylket, seier Sander.
Han fortel at praksisperioden har vore super, med hyggelege folk både inne på kontoret og ute på dei ulike prosjekta. Det har gitt han ei betre forståing av kva det inneber å være byggherre og vegeigar. Det er komplekse oppgåver som krev at fagområda samarbeidar.
Viktig med oppfølging og relevante oppgåver
Gitte Beiermann presiserar at studentane skal kjenne seg ivaretatt, og det krev planlegging og ressursar frå fagmiljøet.
- Det er viktig at studentane får relevante oppgåver, og at vi følger dei opp. Det krev at vi har litt kapasitet, men fylkeskommunen får verdi tilbake i form av at studentane vel å skrive bacheloroppgåve med oss seinare, eller søker jobb hos oss.