God søking til Fagskolen i Møre og Romsdal

– Fagskolen Møre og Romsdal opplever god søking av studentar til dei fleste studietilboda både i Ålesund og Kristiansund, seier rektor Helene Hanken ved Fagskolen i Møre og Romsdal.

Søknadsfristen var 15. april.

– På nokre studiar har vi ventelister, og på andre er det ledige plassar. Fagskolen opplever svært god søking til utdanningane på prosessteknikk heiltid og deltid i Kristiansund og maritim utdanning i Ålesund, seier Hanken.

Tal for heile landet viser at det i år er 15.742 søkarar til høgare yrkesfagleg utdanning gjennom Samordna opptak. Det er 17 prosent fleire søkjarar i år enn i fjor, med ein oppgang på 2.300 søkjarar, ifølge ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Direktorat for høgare utdanning og kompetanse er nøgd med søkartala til fagskolane:

– Årets søkartal er gode. Tala gir oss verdifull innsikt i søkarane sine interesser og ønske. Vi ser også at institusjonane vidareutviklar utdanningstilboda sine. Dei tilbyr både nye fagkombinasjonar og fleire fleksible studium, og begge delar tiltrekker mange søkarar, seier direktør i Direktorat for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule.

Les meir om søkartala på Samordna opptak sine nettsider.