Gode råd til ungdom som er usikre på kva dei skal velje

Har du ein ungdom som er usikker på kva utdanning han skal velje? Her kan du lese kva tips som rådgivarar på vidaregåande skolar gir til elevar som ikkje heilt veit kva dei vil.

Med søknadsfristen 1. mars like rundt hjørnet, står mange elevar i eit nytt, og ofte krevjande val. Det har rådgivar Liv Toril B. Amundsen ved Borgund vgs full forståing for:

– Dei unge står overfor mange val, og derfor treng dei rettleiing fordi «landskapet» er komplekst, seier ho.

Også rådgivarane Linda Sævik og Hege Holstad ved Ulstein vgs skjønnar at det er krevjande å skulle velje retning:

– Svært mange er veldig usikre og treng kvalifisert rettleiing for å orientere seg i mylderet av moglege vegar vidare, og lære seg korleis dei kan utforske sine eigne interesser, styrker og svakheiter, seier dei.

Vi har spurt rådgivarane kva det viktigaste rådet dei gir til ungdom som er usikker. Her er det dei svarar:

Ver nysgjerrig – hent inn mest mogleg innsikt

Kvinne. - Klikk for stort bileteLiv Toril B. Amundsen er rådgivar ved Borgund vgs. Privat

Ved Borgund vgs peikar rådgivar Liv Toril B. Amundsen på at det viktigaste rådet er å vere nysgjerrig og aktiv. Ho oppmodar elevar til å møte verksemder, følgje webinar, stille spørsmål og bruke både YFF-faget og skolehospitering til å forstå kva kvardagen i ulike fag faktisk inneber.

– Innhent informasjon, bruk føresette, lærarar og rådgivar aktivt. Faglærarane har ei viktig rolle – dei møter elevane i det daglege, kjenner deira styrker og utviklingsområde. Eg møter også mange engasjerte føresette som ønsker å støtte ungdommane sine, det er gull, seier ho. 

Bruk tid – ikkje ver redd for å prøve og feile

Kvinne. - Klikk for stort bileteInger-Kristin Kristiansen er rådgivar ved Hustadvika vgs. Privat

Ved Hustadvika vgs løftar rådgivar Inger‑Kristin Kristiansen fram eitt hovudråd: Bruk tid. Ho møter mange elevar som trur dei «heng etter» dersom dei vurderer omval eller ikkje finn svaret med ein gong. Ho minner dei om at både feilskritt og erfaringar er verdifulle:

– Eg prøvar å vise elevar at all kompetanse dei fullfører kan vere viktig på ein CV og at dei gjennom å prøve og feile får med mykje kunnskap på vegen, seier ho.

Ho rår også elevar til å snakke med ein nøytral vaksen for å teste tankar, og til å bruke hospiteringa fullt ut før val skal takast.

Utforsk kven du er – bygg val på kunnskap

To kvinner. - Klikk for stort bileteLinda Sævik (til venstre) og Hege Holstad er rådgivarar ved Ulstein vgs. Privat

Rådgivarane Linda Sævik og Hege Holstad ved Ulstein vgs har eit klårt råd til elevar som kjenner uro: Finn ut kven du er. Dei oppmodar ungdommar til å utforske interesser, styrkar og svakheiter gjennom samtalar, digitale verktøy og informasjonssøk.

– Snakk med lærarar, rådgivarar, familie og venner med ulike yrke. Og bruk kvalitetssikra informasjon som t.d. frå Vilbli.no og Utdanning.no – ikkje berre sosiale medium, seier dei.

Rådgivarane løftar fram hospiteringa som viktige møtepunkt, både for elevane og skolane:

– Hospiteringa gir ei unik moglegheit til å bli kjent med ulike studieretningar, og på den måten gjere elevane i større grad i stand til å gjere gode og sjølvstendige val.

Høyr podkasten

Vil du vite meir om det vanskelege valet? Høyr podkast-episoden «Kva skal dei velje?», som blei spelt inn i februar 2023: