Gode resultat av FoU-prosjekt kan gjere oppdrettslaksen friskare

Forsøka i prosjektet viste  høgare vekst og lågare dødelegheit enn kontrollgruppa. Dei gode resultata frå FoU-prosjektet gjer at Aquatics i Ørsta no vil kommersialisere teknologien og å gjere fiskevelferda i oppdrettsnæringa betre.

Oppdrettsanlegg. - Klikk for stort bilete Aquatics

Aquatics i Ørsta jobbar med å betre fiskehelsa i oppdrettsnæringa. Med støtte frå Regionalt forskingsfond i Møre og Romsdal, har verksemda saman med lakseoppdrettarar og FoU-miljøa Nofima og NTNU i Ålesund, utvikla og testa nye metodar for å redusere sjukdom og død hos laks.

I prosjektet har ein funne ut at sialinsyrederivat i fiskefôr styrker slimlaget deira. Slik motverkar ein virussjukdomar som infeksiøs lakseanemi (ILA) og pankreassjukdom (PD). Effektane av sialinsyre er studert på cellenivå i laboratorium, og viser at sialinsyre gir meir robuste celler. Samtidig er det utført vekstforsøk frå liten fisk på land til stor fisk i sjøen. Forsøka som ble avslutta i 2024, har vist at fisk som er fôra med sialinsyre, har høgare vekst og lågare dødelegheit enn kontrollgruppa.

Aquatics vil no ta kunnskapen vidare med mål om å kommersialisere teknologien og bidra til å betre fiskevelferda i oppdrettsnæringa.

Aquatics fekk i 2022 løyvd 1,5 millioner kroner frå Regionalt forskingsfond i Møre og Romsdal til det toårige prosjektet.