Gravmysteriet ved Aursjøen: Er dette grava til ein av Noregs første bønder?

I over 70 år har ei grav ved Aursjøen i Molde vore ei gåte for arkeologane. No har ei ny datering oppklart mysteriet.

Lurer du på korleis du får ein arkeolog i ekstase? Det tar litt tid, men følgande er ei sikker oppskrift.
På slutten av 1800-talet fann engelske sportsfiskarar eit skjelett i fjellet ved den nordlege enden av Aursjøen i Molde kommune. Beinrestane låg i det arkeologane kallar ei hellekiste, altså ei slags gravkiste bygd opp av steinheller. «Kisteloket» forsvann gjennom åra, så beinrestane vart liggande utsette for vêr og vind. På 1930-talet la lokalbefolkninga ei ny dekkhelle over grava for å verne mennesket som ein gong vart lagt til kvile 839 meter over havet.

Sjølv om grava var kjend lokalt, gjekk det over 50 år før ho vart undersøkt av arkeologar. Då sende lokalhistorikar Egil Mølmen eit brev til Universitetets Oldsaksamling i Oslo og fortalde at det låg ei grav i fjellet som ville bli overfløymd ved den planlagde utbygginga av Auravassdraget.
Som svar vart arkeolog Wencke Slomann send til fjells for å undersøke hellekista.

Kisteloket blei tatt av

– Då dekkhella vart løfta bort i 1951, såg Slomann restar av ein skalle og knoklar frå eit lårbein eller leggbein. Beina var heilt kvite, og det var tydeleg at dei hadde lege framme i lang tid, fortel arkeolog Axel Mjærum ved Kulturhistorisk museum i Oslo.
Ifølge lokalkjende var skjelettet nærast komplett i 1898, men mykje hadde forsvunne gjennom åra. Slomann fann til slutt åtte beinfragment som til saman vog 125 gram.
– Det vart ikkje funne gjenstandar i hellekista, og i 1951 var det ikkje mogleg å datere bein. Ut frå plasseringa i fjellet tenkte ein at grava hadde tilhøyrd folk som jakta og fiska der i jernalderen, som varte frå om lag 500 f.Kr. til 1030 e.Kr. Denne dateringa har det likevel vore usemje om, seier Mjærum.
Han er leiar for prosjektet som endeleg har oppklart mysteriet rundt grava ved Aursjøen. Prosjektet er finansiert gjennom sektoravgiftsordninga for kulturminne og er eit samarbeid mellom NTNU Vitenskapsmuseet, Kulturhistorisk museum i Oslo, Sametinget og fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Innlandet.

– Ekstase

Prøvar frå beinrestane vart sende til Nasjonallaboratoria for datering, og då resultata nyleg kom tilbake, vart arkeologane svært overraska.
– Grava er frå slutten av steinalderen, om lag 2000 år før vår tidsrekning, seier arkeolog Grete Irene Solvold ved NTNU Vitenskapsmuseet.
Graver frå steinalderen er sjeldan kost for arkeologar, særleg graver som framleis inneheld skjelett. Faktisk er dette den første sikre steinaldergrava i fjellet i Sør-Noreg.
– Det er så sjeldan at vi nesten vart usikre på dateringa. Vi veit at marin kost, altså mykje fisk og sjømat, kan gi feil datering. Difor vart det også gjort ei såkalla isotopanalyse, forklarer Solvold.
Isotopar er variantar av det same grunnstoffet, og desse varierer mellom ulike matkjelder. Isotopanalysar av skjelett kan difor fortelje kva eit menneske har ete.
– I dette tilfellet viste analysane at mennesket i grava hovudsakleg har levd av landbasert kost, som kjøt og plantar, og lite sjømat. Det gjorde at vi kunne stole på dateringa, og vi vart heilt i ekstase, seier Solvold.
– Vi veit også at den spesielle gravskikken med steinheller var utbreidd i nokre få generasjonar kring 2000 f.Kr. i Sør-Noreg. Aldersbestemminga treff dette tidsrommet, noko som gjer oss endå tryggare på at dateringa er rett, legg Mjærum til.

Ein av dei første bøndene?

Det var så få beinrestar at at det ikkje er mogleg å seie noko sikkert om kjønn eller alder, anna enn at det er snakk om ein vaksen person. Mennesket i hellekista kan ha vore ein av dei første bøndene her i landet. Dette er nemleg perioden då jordbruket verkeleg fekk fotfeste.
– Med denne dateringa fell puslespelbrikkene på plass, og mysteriet kring grava blir oppklart. Funnet passar perfekt med tanken om at steinalderens bønder drog til fjells for å drive jakt eller gjeting av husdyr, seier Mjærum.
Han legg likevel til at den døde sjølvsagt også kan ha vore ein person som levde mesteparten av livet sitt i fjellet, eller som var på gjennomreise.
– Kanskje kan personen ha kome frå Eikesdalen? Det samsvarar godt med ei innlandsbygd der det også er påvist spor etter åkerbruk frå same periode. Hellekista låg langs eit vassdrag som rann ned dit, seier arkeolog Kristoffer Dahle i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Eit anna alternativ er at personen var frå Sunndalsøra. Her er det funne fleire flintdolkar som også blir knytte til den nyetablerte bondebefolkninga, spekulerer Solvold.