Grøn framgang i Møre og Romsdal, men kraftgap og naturpress aukar

Møre og Romsdal viser framgang innan handtering av avfall, transport og folk sin oppfølging av berekraft i kvardagen. Samtidig står fylket overfor eit aukande kraftunderskot, sterkare naturpress og behov for store investeringar i vass- og avløpssektoren.

Naturbilde. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Line Thorvik Thue

Dette kjem fram av Grøn status 2025, som er eit vedlegg til klimarekneskapen i årsrapporten for 2025 for Møre og Romsdal fylkeskommune. Grøn status inneheld oversikt over utvikling på ein del måleindikatorar innan miljø, klima og energi. Tala er i all hovudsak henta frå SSB.

Framgangen

Grøn status viser betre resultat på område der innbyggjarane sine val spelar ei rolle. Vi kastar omtrent like mykje avfall som før, men har blitt flinkare til å sortere. Restavfall per innbyggar er redusert med nær 24 prosent sidan 2015, medan utsorteringa av plast, metall og matavfall aukar kraftig. Klimagassutsleppa frå vegtrafikken er redusert med 23 prosent sidan 2009, og innbyggjarundersøkingar viser at fleire opplever det som enklare å ta berekraftige val.

Kraftsituasjonen

Eit aukande kraftunderskot er blant dei mest krevjande utfordringane. Fylket produserte 6,5 TWh straum i 2024, men brukte 13,1 TWh, og gapet er venta å auke fordi få nye prosjekt for fornybar energi er meldt inn. Import av kraft til høgare og meir varierande prisar kan svekke både industri, elektrifisering og samfunnsutvikling.

Press på naturen

Kommunane planlegg å bygge ned over 20 000 dekar verdifulle naturtypar. Samstundes ligg talet på dispensasjonar i område med restriksjonar langt over landssnittet. Talet på truga artar aukar, og berre 16,4 prosent av marine naturtypar er kartlagt. Dette skapar eit alvorleg press på økosystem og naturmangfald.

Vass- og avløpssektoren

Fylket ligg òg etter på avløp og vassforsyning. Berre 50 prosent av innbyggjarane er knytte til avløpsanlegg som oppfyller reinsekrava, og rundt 30 prosent av vatnet forsvinn i lekkasjar før det når forbrukarane. Fornyingstakta går ned, og kommunane står overfor store og kostbare investeringar.

Klimatilpassing

Auka nedbør, meir overvatn, fleire skredhendingar og endra flaumforhald krev betre klimatilpassing i planlegging og beredskap. Kostnader knytte til naturskadar varierer sterkt frå år til år, men fleire store hendingar dei siste åra viser at risikoen aukar.

Her kan du lese årsrapport 2025 med klimarekneskap