Denne lærlinggjengen har fått bevis på at dei har hatt internasjonal arbeidspraksis på Gran Canaria.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Tolv lærlingar frå Møre og Romsdal har denne vinteren jobba tre månader på Gran Canaria, gjennom EU sitt utdanningsprogram Erasmus+.
Torsdag fekk dei tildelt Europass, ein attest frå praksisen på Gran Canaria, stempla av den spanske arbeidsgivaren.
Practica Canaria er ein del av fylket si satsing for å inspirere fleire unge til å ta fagbrev. Lærlingane sitt opphald blir finansiert gjennom EU sitt utdanningsprogram Erasmus+. Ei oppleving for livet, seier dei som har vore med.
Desse lærlingane mottok Europass denne veka:
- Martin Mordal, kokkefaget
- Markus Seberg, reiselivsfaget
- Tuva Eide, frisørfaget
- Lill-Anita Ludviksen, reiselivsfaget
- Karoline Svehaugen, frisørfaget
- Silje Sofie Berg, reiselivsfaget
- Andrea Malme, reiselivsfaget
- Kristiane Moldskred Veiseth, frisørfaget
- Daniel Holstad, reiselivsfaget
- Sunniva Alida Roald Åkre, reiselivsfaget
Nora Bigset Aspevik, barne og undomsarbeiderfaget, Marie Reinton Andersen, reiselivsfaget, var også med på utveksling, men var ikkje til stades på tildeinga av Europass.