Håkon Sæterøy tilsett som rektor ved Haram vgs.

Håkon Sæterøy er tilsett som rektor ved Haram vgs.  

Håkon Sæterøy. - Klikk for stort bileteHåkon Sæterøy. Møre og Romsdal fylkeskommune

Sæterøy har vore konstituert rektor ved skolen sidan august i år, og ass. rektor sidan januar 2020.

– Eg er takknemleg for sjansen eg har fått, og eg gler meg til å halde fram arbeidet som eg starta på i sommar. Eg har stor respekt for denne jobben, å få leie dei flotte elevane og dei flinke tilsette på Haram vidaregåande skule er noko eg ser fram til, seier han.

Sæterøy begynte som lærar på Haram vgs. i 2005, og i 2012 vart han fagleiar. Han har også erfaring frå privat næringsliv, mellom anna Erling Myklebust Mek og I P Huse der han arbeidde som fagarbeidar. Håkon har utdanning i både teoretiske og praktiske fag. Han har master i skoleleiing frå NTNU i Trondheim og utdanning i matematikk og kroppsøving frå Høgskulen i Volda. Han har også gått teknisk fagskole i Ålesund.

– Mi målsetting er at elevane skal nå måla sine, og slik oppleve fagleg , sosial og personleg utvikling. Dette håper eg at skulen skal få til gjennom å tilby eit skulemiljø der trivsel og meistring er i fokus. Å ha gode relasjonar til elevar, tilsette, arbeidslivet og nærmiljøet er høgt prioritert. Haram vidaregåande skule skal  ha fokus på samarbeid med arbeidslivet, både lokalt og internasjonalt. Det er ei målsetting at alle våre utdanningsprogram er tilpassa den kompetansen som arbeidslivet og høgare utdanning etterspør.