Handplukka til EU-konferanse om berekraftige byggeprosjekt

Fylkeskommunen sin måte å berekne framtidige kostnader med nytt bygg er så interessant for EU og OECD at Line Thorvik Thue blei invitert til å dele metodikken med andre europeiske land.

Det var grøne bygg med lange levetid som stod i fokus på konferansen for det EU-finansierte ungarske prosjektet ‘Green public procurement and life cycle costing’ i Budapest den 7. november. I 20 minutt forklarte Line Thorvik Thue, rådgivar i fylkeskommunen, korleis fylkeskommunen tar med det som vert kalla livvsykluskostnadar, life cycle costing (LCC) i anskaffingar for byggeprosjekt og korleis det er innarbeidd i rekneskapssystemet.

- Fram til no har det for mange dreid seg om å velje tilbydaren med den lågaste investeringskostnaden når dei skal i gang med eit bygg. Då endar dei med eit bygg som er billig å reise, men som er dyrt å drifte, og som treng store utskiftingar i framtida. Det er både kostbart og dårleg for miljøet. Dette har vi endra på. Dei siste fem-seks åra har vi inkludert livssykluskostnader i beslutningane vi gjer og tar omsyn til det det kostar å drifte og vedlikehalde bygget i framtida. Dette påverkar korleis vi gjer anskaffingar, seier Thue om foredraget.

Ny tenkemåte

I prosjektet og på konferansen var det mange leiarar som jobbar for å utvikle byggebransjen i berekraftig retning. OECD og EU ønska ein liten aktør som Møre og Romsdal fylkeskommune på talarstolen.

- Mange aktørar, ikkje berre i Ungarn, tenker at dei ikkje har ressursane til å få fram tal på LCC. Men det handlar om endring i tankemåte, som også ein liten aktør kan greie. For meg var det artig å kunne vise at ein liten organisasjon som fylkeskommunen kan få til å gjere store grep som påverkar berekrafta på bygg.

Kursar andre

I Noreg har Thue, som den einaste fylkeskommunerepresentanten, deltatt i eit nasjonalt forum for livssykluskostnader for heile bygningsbransjen, LCC-forum. Både her og i andre samanhengar har fylkeskommunen fått presentert korleis dei jobbar med tematikken. Det er bakgrunnen for at Direktoratet for forvaltning og økonomisk styring (DFØ) kjente til og tipsa OECD og EU-prosjektet om henne.

- Andre fylkeskommunar og aktørar veit at vi har kome langt i Møre og Romsdal når det gjeld LCC og anskaffingar på bygg og eigedom. Eg har ikkje tal på det, men vi ser andre fylkeskommunar ønsker å gjere det same som oss og ønsker kurs.

- Kva er bakgrunnen for det?

- Vi er ein liten fylkeskommune, og det gjer det kanskje lettare for oss å snu oss om. Vi slapp unna fylkessamanslåinga, noko som kravde store ressursar hos andre. Dessutan har vi hatt leiarar med visjonar, som har ønska å bygge betre, billegare og meir klimavennlege bygg, med berekraft som ramme, forklarar Thue.

Vil endre lova

Konferansen i Ungarn markerte avslutninga for EU-prosjektet, som er sett i gang etter eit initiativ frå OECD. No skal Ungarn få utarbeida rettleiarar for livssykluskostnadar. Dei er også eit av fleire land i EU som jobbar med å implementere LCC i lovverket.

Thue har ein master i finans og internasjonal økonomi frå Australia, og jobba tidlegare som økonomirådgivar i bygg og eigedomsavdelinga i fylkeskommunen. I dag jobbar ho som rådgivar i økonomiseksjonen.