Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Når haustmørket kjem, fyller ho lommene med refleks og tar med sitt store engasjement ut i trafikken. Der deler ho ut refleksar til forbipasserande som har gløymt å ta på seg synlegheit.
– Eg er mykje ute og køyrer i heile fylket. Det kunne ikkje bli større sorg for meg viss eg skulle køyrt på nokon fordi dei ikkje er synlege, og når det er så mykje refleks tilgjengeleg for alle saman, seier Hanne Notøy. Ved sidan av sitt engasjement for trafikksikkerheit, er ho politikar i fylkestinget og samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.
– Vil ikkje køyre på dykk
Ho nøler ikkje med å stoppe bilen, sveive ned ruta og minne folk om kor viktig det er å vere synleg. Dei fleste tar imot refleksen med takk, sjølv om nokre blir litt flaue.
– Eg ser de er ute og går utan refleks. Det kan faktisk medføre at eg køyrer på dykk. Og det ønsker eg ikkje. Så vær så snill å bruke han, seier ho med eit glimt i auget, og deler ut ein refleks.
– Du er gull verd!
På ein rusletur i sentrum i Ulsteinvik møter ho både ungdomar og vaksne utan refleks. Til ei ung jente seier ho: – Du veit; du er gull verd!
Hanne fester refleksband og ønsker ho trygg tur vidare.
Refleksoppleving
Også Radovan Mitrovich frå Elnesvågen får seg ei refleksoppleving. Han meiner gatelyktene gir nok lys, men Hanne er klar: – Når du brukar refleks, så har bilistane mykje lengre tid på å stoppe så dei ikkje køyrer på deg.
Radovan får eit par refleksband frå Hanne. Han takkar og går vidare – no godt synleg frå begge sider.
– Veldig positivt
Også ambulansearbeidar Jonny Liavåg, som er ute på spasertur med ein kamerat, set pris på Hanne sin innsats for lokalmiljøet i Ulsteinvik:
– Veldig positivt at ho stoppa meg for å snakke om trafikksikkerheit. Det er veldig viktig, og faktisk ein del av min jobb også: Å ta seg av dei som blir råka av uheldige konsekvensar av trafikk, seier Liavåg.
Refleksens dag blir arrangert tredje torsdag i oktober, kvart år, og er ei god påminning for alle å finne fram refleksane.