Bildet er frå Nyhamna på Gossen før gassterminalen blei bygd.
Bjørn Ringstad, Møre og Romsdal fylkeskommune
Mange av bilde- og arkivskattane frå Møre og Romsdal er no søkbare i Spor, eit arkiv drifta av Riksantikvaren og gjort tilgjengeleg for kulturminneforvaltinga og forskinga i Noreg. Og meir skal bli søkbart etter kvart som den viktige og krevjande jobben med å digitalisere og systematisere arkivmaterialet – papirbilde, negativ og dokument – blir gjort.
– Saman med Riksantikvaren har vi jobba med eit pilotprosjekt, der målet var å gjere bilde og dokument frå arkivet til kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune tilgjengeleg i Spor. No er det gledeleg å seie at mykje arkivmateriale er lansert og alle Spor-brukarar i forvaltinga har tilgang. Vår tanke er at folk på sikt sjølv skal kunne søke i arkivdata og bildedata, seier arkeolog Kristoffer Dahle, som har vore sentral i å integrere fylkeskommunen sitt bildearkiv til Spor.
Eit anna resultat av pilotprosjektet er at Riksantikvaren no opnar for at fleire fylkeskommunar, med minimal tilrettelegging, kan få inn deira materiale i Spor.
– Vi ser at dette har ein verdi for forskinga, men óg for lokalhistorikarar. Det er også viktig at vi som jobbar med kulturminne enkelt finn fram i historikken når vi skal inn i ei sak. Eit søkbart arkiv vil gjere forvaltinga meir effektiv, meiner Dahle.
Han fortel at kulturavdelinga i fylkeskommunen sit på eit bildearkiv som tel mange hundre tusen bilde.
– Bilda er tagga med metadata, men tagginga er av ymse kvalitet, og med manglar. Dette jobbar vi med å rette opp; registrere og systematisere. Vi overfører meir og meir til Spor etter kvart som vi oppdaterer, seier Dahle.