'Agentane og det sjukt farlege oppdraget' er blant framsyningane skuleelevar har fått oppleve gjennom DKS i fylket.
Morten Bendiksen
Den nasjonale satsinga Den kulturelle skolesekken (DKS) gir alle barn og unge, uansett kvar dei bur, profesjonell kunst og kultur. Møre og Romsdal fylkeskommune har sett saman med det regionale programmet, og det siste skoleåret har det vore heile 90 ulike turnear og nærare 200 utøvarar rundt på vegane våre, med både film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.
- Det har vore eit mangfaldig program som har inspirert, utforda og engasjert, seier DKS-koordinator Camilla Wiik.
Skulelevane har opplevd hemmelege agentar, Påkemon med (Å), heftig folkedans, forfattarbesøk, lysleik, maur i skolegarden, bogeskyting, fantastiske filmar og heftige rytmar. I tillegg har det vore ulike verkstader der elevane har fått utfalde seg saman med kunstnarar, både gjennom dans, nysirkus, improteater, levande teikningar og mykje meir. Alle elevane får minst to tilbod gjennom året.
- Det er viktig for oss at elevane skal oppleve Den kulturelle skolesekken som relevant for sitt liv, og for dei vidaregåande skolane har derfor ei gruppe med elevar vore med oss i å plukke ut produksjonane, seier Wiik.
Kvar produksjon har også ei kopling til læreplanverket. Gjennom å kunne jobbe med tematikken før og etter besøket, kan lærarane gje ein ekstra dimensjon både til dei ekstraordinære opplevingane i Den kulturelle skolesekken og til undervisinga si.
Klart for neste år
Programmet for 2025/2026 ligg allereie ute på nettsidene til DKS Møre. I komande skoleår vil alle på mellomtrinnet få eit ekstra tilbod innan litteratur, etter at DKS Møre og Romsdal i år fekk midlar til å styrke leselyst frå prosjektet Sammen om lesing - Leselyststrategien 2024-2030.
Pengane vil bli brukt til forfattarbesøk til alle på 5.-7. trinn i heile fylket.
- Vi vil takke alle dei gode samarbeidspartnarane våre på skolane, i kommunane, utøvarar, kunstnarar og institusjonar som saman er med på å skape dei gode opplevingane, seier Wiik.