Har laga KI-rettleiar for elevar og lærarar

Skolane og elevane i Møre og Romsdal har no fått ein rettleiar for korleis dei skal bruke- og forhalde seg til kunstig intelligens (KI) som verktøy i undervisninga.

Tre menn. - Klikk for stort bileteStein Sæter, Hans-Petter Gyldenskog og Anders Aarø. Vegard Sletbakk Rolland

Bak rettleiaren står tilsette ved Kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei meiner teknologien vil snu opp ned på heile tenkemåten rundt korleis vi lærer.

– Både her og i resten av verda har reaksjonen på KI handla om juks og plagiat. Vi har vore opptatt av å avsløre om elevane har brukt KI i svara sine. Vi har vore for opptatt av sluttproduktet, seier Anders Aarø, som står bak rettleiaren saman med mellom anna Hans-Petter Gyldenskog, Stein Sæter med fleire i ei arbeidsgruppe frå Kompetanse- og næringsavdelinga.

– No må vi tenke nytt

Han meiner vi ikkje kan bruke KI slik vi brukar tradisjonelle søkemotorar som Google, der vi leiter etter informasjon.

– No må vi tenke nytt, og snu fokuset over til korleis KI kan hjelpe elevane i læreprosessen, samhandle og diskutere fram eit resultat. Elevane må lære korleis dei kan ‘mate’ chatboten, vere beviste i prosessen og kritisk vurdere svaret, seier Aarø.

Her kan du lese rettleiaren Kunstig intelligens i skolen.

Rettleiaren inneheld informasjon om kva KI er, korleis den fungerer, store språkmodellar, men også retningslinjer for bruk og konkrete tips til korleis både lærarar og elevar kan nytte den.

– Dette er heilt i tråd med måla i læreplanen og opplæringslova om opplæring i demokratisk deltaking, og evne til kritisk og kreativ tenking, seier Hans-Petter Gyldenskog.

Praterobot som oppfyller krava

Tidlegare har ein ikkje hatt ei teneste som er godkjent for bruk i skolen grunna at dei ikkje har oppfylt personvernkrava, men i haust lanserte NDLA (Nasjonal Digital Læringsarena) ein praterobot som overheld desse krava.

Det har enno ikkje kome nasjonale føringar for korleis den vidaregåande skolen skal handtere kunstig intelligens. Håpet til arbeidsgruppa er at rettleiaren skal vere eit verktøy fram til nasjonale føringar er på plass.