Denne gjengen var samla på fylkeshuset tysdag 9. juni der dei fekk opplæring for å kunne analysere arealbruk og klimagassutslepp.
Per-Kristian Bratteng
Tilsette i kommunar frå heile fylket er invitert til arbeidsverkstader der dei har fått opplæring i nye verktøy for å analysere arealbruk og klimagassutslepp.
Arbeidsverkstadene er ein del av eit prosjekt om kompetanseheving på kart, arealrekneskap og klima. Målet er at kommunane skal ta i bruk arealrekneskap og klimagasskalkulator i planlegginga.
Fagleg påfyll og trening
Gjennom samlingane har deltakarane fått både fagleg påfyll og praktisk trening. Kommunane har arbeidd med å berekne klimagassutslepp og vurdere korleis ulike val i plansaker påverkar klimaet.
Arbeidsverkstader har vore arrangerte for kommunar i alle delar av fylket, og no er alle samlingane gjennomførte.
Må ta omsyn til klima
Bakgrunnen for satsinga er at kommunane må ta større omsyn til klima i arealplanlegginga. Nasjonale forventningar legg vekt på at planlegginga skal vere kunnskapsbasert, og at verktøy som arealrekneskap skal brukast.
Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Kartverket, Statsforvaltaren og Norsk institutt for bioøkonomi. Målet er å gi kommunane betre grunnlag for å ta val som reduserer klimagassutslepp og tar vare på karbonrike areal.
– Desse verktøya er avgjerande for å få oversikt over både utslepp og potensial for karbonopptak. Det skal gjere det enklare å synleggjere konsekvensar av planarbeid og gi politikarane betre grunnlag for avgjerder, seier Ingeborg Simonsen, klima- og miljøkoordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune.