Haram kommune får støtte til moglegheitsstudie for Eidet

Haram kommune får 500.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å undersøke korleis Eidet kan utviklast som lokalsenter.

Kompetanse- og næringsutvalet vedtok løyvinga einstemmig torsdag 10. september.

Moglegheitsstudien skal gi Haram kommune eit betre grunnlag for å utvikle Eidet som eit attraktivt lokalsenter. Studien skal mellom anna undersøke stadforming, trafikkløysingar, gang- og sykkelvegar, møteplassar, nye bustadformer, sambruk og næringsutvikling.

Heilskapleg planlegging

Eidet har dei siste åra vakse utan ein overordna strategisk plan. Trafikale utfordringar og behovet for framtidsretta bustadutvikling har ført til eit ønske om meir heilskapleg planlegging.

Studien skal få fram eitt eller fleire realistiske alternativ for den vidare utviklinga. Resultata skal danne grunnlag for revisjonen av arealdelen i kommuneplanen og ein framtidig områdeplan for Eidet.

Prosjekt til éin million kroner

Moglegheitsstudien har eit samla budsjett på éin million kroner. Haram kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer prosjektet med 500.000 kroner kvar.

Kommunen skal involvere grunneigarar, næringsliv, organisasjonar og andre aktuelle partar i arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune eig fylkesvegen gjennom Eidet og skal derfor delta i prosessen.

Pengane kjem frå tilskotsordninga «Utvikling av framtidsretta lokalsamfunn». Tilskotet skal dekke inntil 50 prosent av den godkjende kostnaden og blir gitt på vilkår av at prosjektet er fullfinansiert.

Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 10. september