Jon Arne Garshol Haram.
Reed foto
Ole Tommy Ødegård
Rauma vgs.
Jon Arne Garshol Haram blir konstituert rektor ved Ulstein vidaregåande skule, medan Ole Tommy Ødegård blir konstituert rektor ved Rauma vidaregåande skole.
Haram har vore assisterande rektor ved Ulstein sidan oktober 2011. Han har bakgrunn som siviløkonom (2005), og har rektorutdanning (2015) og vidareutdanning i juss for skoleleiarar (2025).
Ødegård er avdelingsleiar for yrkesfag ved Rauma vidaregåande skole, med bakgrunn som lærar. Han har hatt leiaransvar ved skolen sidan november 2010, har ti års leiarerfaring frå brannvesenet og sit som leiar av prøvenemnda for kokkfaget. Ødegård har gjennomført leiarutviklingsprogram (2011), rektorutdanning (2020) og studium i bedriftsøkonomi (2024).
– Rutinerte og trygge leiarar
– Dette gir stabilitet i ein overgangsfase, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken om tilsettingane. Han omtalar begge som rutinerte og trygge leiarar, og meiner løysingane er gode for begge skolane.
Permanente rektorstillingar blir lyst ut i løpet av det kommande skoleåret. Både Ulstein vgs-rektor Margaret Alme og Rauma vgs-rektor Eva Leergaard går av med pensjon 31. juli i år.