Hareid ungdomsråd får prisen Årets ungdomsråd 2024

Rådet får prisen for innsatsen dei har lagt ned for å skape ein møteplass for ungdommane i kommunen sin.

to jenter i hettegenser framfor to roll ups - Klikk for stort bileteÅrets ungdomsråd er Hareid ungdomsråd! Frå v. Thanura Premakumar og Pranaya Selva. Håkon Brekke

Årets ungdomsråd vart kåra på Ungdommens fylkesting, som var samla i Kristiansund den 15.-17. mars. Hareid ungdomsråd vart stemt fram i konkurranse med Kristiansund ungdomsråd.

Avtroppande leiar i ungdomspanelet Niels Leenders meiner det er ein verdig vinnar.

- Vi glade for å kunne dele ut prisen Årets ungdomsråd til Hareid ungdomsråd. Dei har gjort ein særleg stor innsats for å få på plass ein møteplass for ungdom i kommunen sin, seier Niels.

I nominasjonen kjem det fram at rådet blant anna har

  • gått gjennom Ung-data tala nøye og funne løysingar som gjer at dei unge på Hareid får betre forhold. Gjennom denne prosessen konkluderte rådet med at ungdomane treng ein møteplass og har kjempa for dette og fått gjennomslag. Dette har vore ei hjertesak gjennom fleire år, som no vil bli realisert.
  • leiar og andre medlemmar i ungdomsrådet har også formidla unge sitt synspunkt i fleire saker. Dei har også vore aktive for å få fleire unge til å ytre meininga si på ulike flater.

Møteplassar og medverknad

Prisen er 10.000 kroner og eit diplom, vil bli delt ut av Ungdomspanelet når dei besøker årets ungdomsråd i løpet av første halvår 2024.

Prisen Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal blir stemt fram under Ungdommens fylkesting i Møre og Romsdal kvart år. Prisen går til ungdomsråd som har utmerka seg ved å:

  • legge til rette for medverknad for ungdom
  •  skape gode møtestadar for ungdom
  • bidra til eit allsidig fritidstilbod for ungdom
  • gjere ein særskild innsats for ungdom i kommunen