Det er rissa inn bokstavar i ei helleristing av ei nise.
Gunhild Stavnes Borøchstein
Seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Arna Tokle Yri, seier at dei ser alvorleg på slike skadar/lovbrot.
– Vi politimelder sporenstreks alle ulovlege inngrep i kulturminne, seier Yri. – Her er kulturminnelova krystallklar. Det er forbode å gjere inngrep i kulturminne frå før 1537. Det er altså ikkje lov til å grave ut, dekke til, skjule, skade eller øydelegge.
Turgåarar oppdaga
Det var nokre turgåarar som nyleg oppdaga skadeverket. Dei informerte på Facebook og kontakta fylkeskommunen.
Den eldgamle kunsten ligg nær ein Stikk ut-post. Helleristingane viser 16 inngraverte figurar, blant anna kvalar og kvaljakt. No har nokon rissa bokstavar inn i ei nise.
Gravrøys skada
Fylkeskommunen har den siste tida meldt fleire skadar på kulturminne, gravrøys og helleristningar i regionen, til politiet. For kort tid sidan var det også oppdaga skade på ei gravrøys i Midsund. Møre og Romsdal fylkeskommune melde også dette lovbrotet til politiet.
På gravrøysa på Hamneset, Midøya, var steinar flytta og vegetasjon gravd bort og fjerna. Gravrøysa ligg innanfor eit større gravfelt som inneheld ulike spor frå bronsealder-jernalder og førreformatorisk tid, og inngår med dette i eit større kulturmiljø på området. Gardbrukaren varsla fylkeskommunen, etter at naboar hadde oppdaga skada.
- Slike skadar øydelegg vår felles identitet og felles arv, seier Yri, men legg til at dei fleste har stor respekt for kulturarven rundt oss. - Mange er genuint opptatt av kulturminnevernet og har kunnskap om gjenstandar og forhistorie.
Minner om regelverket
Med høgsesong for tur i skog og mark, og kulturminne som dukkar fram i terrenget etter snø og tele i jorda, meiner ho det er på sin plass å minne om kva rutinar som gjeld ved funn.
Regelverket er slik:
– Har du funne noko som kan vere eit kulturminne, må du snarast kontakte oss. Den som finn eit laust kulturminne skal melde frå om funnet første verkedag etter at funnet er gjort.
Og fordi bruk av metalldetektor har blitt stadig meir populært dei siste åra, er det behov for at fleire kjenner til kulturminnelova:
– Den som bruker metalldetektor har ansvar for å sette seg inn i lovar og reglar som er relevante for hobbyen sin, seier Yri.
Du kan lese Riksantikvaren si «Retningslinjer privat bruk av metallsøker».