- Inspeksjon gjort av dykkarar var eit ledd i eit anna vedlikehaldsarbeid. Under arbeidet vart det avdekt alvorleg skade på bærande pel på kaia. Den eine søyla var knekt. Dette inneber at vi ser oss nøydd til å stenge hurtigbåtkaia fram til reparasjon er utført, seier Ingrid Anne Lervik, bru- og kaiforvaltar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bilete av den knekte søyla.
Foto: O.E. Hagen AS Dykkerfirma
Det blir no jobba med å sjå på alternativ for utbetring av kaia, og det er truleg snakk om ein stengeperiode på om lag to veker.
Nyttar Skateflukaia i anleggsperioden
Skateflukaia bli nytta i perioden det blir arbeidd på hurtigbåtkaia på rutebilstasjonen, og det blir endra rutetider.
Skateflukaia i ÅlesundNår det gjelder skoleelevane som reiser frå Langevågen kl. 07:30 vil fartøyet ta sikte på å vere på Skateflukaia ca. kl. 07:50. Skolebussane til desse elevane vil i anleggsperioden gå frå Skateflukaia.
Nye rutetider frå 17. juni
Rutetidene blir òg oppdaterte i reiseplanleggaren til FRAM 18. juni.
Rutetider i anleggsperioden.